Hopp til hovedinnhold

Nyheiter

15. mars 2023

Årsmøte i Skjåk Idrettslag

Årsmøte i Skjåk idrettslag blir tysdag 21.3 kl. 19.00 på Fjelleventyret.

Les meir
14. mars 2023

Symjegruppa arrangerer merketakingskveld

Torsdag 23. mars kan ein ta turen til bassenget i Skjåk for ta symjemerke. Tilbodet gjeld for absolutt alle som kan symje, anten ein er liten eller stor.

Fylg linken for påmelding for merketakingskveld.

 

 

 

Les meir
22. februar 2023

Stolpejakt 2023

I samarbeid med DNT Gudbrandsdalen

Les meir
20. februar 2023

18 treff og topplassering i NM for Edvard

Edvard Haugen har aldri prestert betre i norgescupsammenheng enn han gjorde i dei to siste norgescuprenna før junior-NM. Skjåkværen var for fyrste gang inne blant dei ti beste, da han kapra ein niandeplass på Stiklestad. Han fylgde opp med eit kjempeløp på åpningsdistansen i junior-NM på fredag.

Stortalentet varta opp med 18 treff og eit bra langrenn i snøvêr og under utfordrande forhold, da han skøyta inn til åttande beste tid i 18-årsklassa.

Les meir
13. februar 2023

Fjellgeitturar sommaren 2023

Postane blir sett ut frå starten av mai og utover. Det kjem meir informasjon når folderane kjem i postkassa og postane kjem opp.

1. Holene
2. Stamsæterhovden
3. Raudberget ved Framrusti
4 .Søverdalen
5. Røykjeskålsvatnet
6. Sauhytta
7. Bakkeåsen
8. Svarthåmmårn
9. Krossen
10. Stensgardsøyene
Les meir
27. januar 2023

Hallaktivitet for ungdom

Det blir hallaktivitet for ungdom kvar fredag frå 18.00-19.00.
Anna kvar fredag er det ungdomsklubb etterpå.

Håpar mange vil delta! 🙂

Les meir
19. januar 2023

Kickoff skisesongen 2023

Tysdag 24. januar kl. 18.00 i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule.
Utdeling av premiar til alle som gjekk skirenn i 2022.

Servering av pysje
Loddsal

Les meir
9. januar 2023

Symjegruppa – symjekurs våren 2023

Nytt år og ny runde med symjekurs. I år prøver vi å køyre eit par kurs i Lom i tillegg til alle kursa i Skjåk.
Oppstart er i veke 3, og påmeldinga opnar ONSDAG 11. JANUAR KL. 17.00.
Les meir
9. januar 2023

Crossfitinspirert trening for ungdom

Vi fortsett med same opplegget som i haust.
Oppstart blir onsdag 18. januar og vil vare i 8 veker (pause i vinterferien).

Trening onsdagar frå kl. 14.30 – 15.30 på Skjåk treningssenter.

Påmelding:
Send fullstendig navn til dl@skjakil.no.
Hugs at du må vera medlem i Skjåk IL for å delta.
Er du ikkje medlem frå før, kan du melde deg inn via minidrett.no

Les meir
6. januar 2023

Oppstart turn våren 2023

1.parti Skjåk, 2.parti og 3.parti oppstart 16.januar.
1.parti Lom oppstart 23.januar.

Les meir