Medlemskontigent

Ved betaling av kontingenten, får medlemmet medlemsrettigheiter i idrettslaget,
får ta del i idrettslagets aktivitetar og forplikter seg samtidig til å fylgje NIFs regelverk.

Alle born, til den dato dei fyller 13 år, som er medlem av idrettslag tilslutta Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) eller som deltar i organisert aktivitet i idrettslagets regi er forsikra gjennom Gjensidige barneidrettsforsikring. For forsikringsavtala gjeld vilkår for Idrettsforsikring og dei generelle vilkår, så framt desse ikkje er fråveke i bestemmelsane nedanfor. Forsikringspremien blir betalt av NIF.

For born fra 13 år og eldre som er medlem og aktiv utøver i ein idrett gjeld fylgjande: frå den dagen bornet fyller 13 år og eldre må det løysast lisens for den idretten vedkommande deltek i. Her gjeld ulike ordningar i dei enkelte særforbund.

For meir informasjon om medlemskontingenter til idrettslag i Norges Idrettsforbund, sjå her.

Nytt av året 2021

NB: Nytt i fjor var ei regelendring knytt til vår nye lov (Lov for Skjåk IL) som er basert på idrettsforbundets lovnorm. Det står her at ein må ha minimum kr. 50 per pers i et familiemedlemskap. Vi ynskjer fortsatt å behalde familiemedlemskap på kr. 500,- Men for å få dette rett i Klubb Admin som er basa det blir fakturert ut frå, så vil totalsummen bli delt på antal familiemedlemmar. Det vil sei at familiar med ulike antal medlemmar vil få ulike sum i medlemskap per person. Men for alle familiar er sluttsummen lik; kr. 500.  Ta kontakt med dagleg leiar ved spørsmål.

Vi set stor pris på om alle kan sjekke at dei til ei kvar tid har rett e-postadresse liggande inne i systemet.

  • Brukerstøtte og hjelp Min Idrett: 21029090

Enkeltmedlem:
Born          kr. 200,00
Vaksen      kr. 300,00


Familiemedlemskap:
Familie     kr. 500,00

Allerede medlem i Lom idrettslag

Er du medlem i eitt av idrettslaga i Lom så får du 50% rabatt på medlemskapet i Skjåk IL.

Ved spørsmål vedrørende faktura, ta kontakt på dl@skjakil.no