MittVarsel

MittVarsel er ein digital portal der du kan melde frå om kritikkverdige forhold på ein trygg måte.

Du kan si ifrå om hendingar eller handlingar som du sjølv har opplevd, har oppdaga, har direkte kjennskap til, eller har høyrt om frå andre. Du kan velge om du vil vera anonym eller om du skriv kven du er.

Eksempel på tema du kan si ifrå om er underslag av penger, trakassering frå trenar, mobbing fra andre utøvarar, rasistiske utrop, diskriminerende oppførsel med meir.

Vi ynskjer å høyre fra deg så vi får moglegheit til å tak i og håndtert kritikkverdige forhold på ein god måte, og så vi kan hindre liknande hendingar i framtida. Vi ynskjer at idrettslaget skal være ein trygg arena for alle!

Portalen er ei sikker løysing for å motta eit varsel og for å kommunisere med personar involvert i saka undervegs i håndteringa. Når eit varsel er meldt inn, kan all informasjon knytta til varselet og kommunikasjon med varslar lagras i løysinga. Det gjer at saksbehandlar av eit varsel ikkje treng å lagre noko lokalt, og at dokument og anna relevant informasjon kan lagrast i tråd med personvernlovgivninga.

Systemet er kryptert, og det er kun dei som behandler saka og deira administrator, som har tilgang til informasjonen i MittVarsel. Saka kan lagrast i MittVarsel så lenge informasjonen fortsatt er relevant og nødvendig å oppbevare.

I Skjåk Idrettslag er det dagleg leiar Elin Stasviken Sperstad som er administrator og som mottek varselet. Styremedlem Anna O. Gubhage er saksbehandlar, det er altså berre vi to som har tilgang til å gå inn i portalen. Vi har tausheitsplikt på det som blir varsla, men kan henvende oss til Innlandet Idrettskrets og/eller politiet om vi treng bistand.

 

Du finn skjemaet til MittVarsel her

 

Når du opnar skjema, fyll inn felta så fyldig som mogleg for å gje dei du varslar til eit godt grunnlag for å forstå kva som har skjedd. Legg til bilder, kopi av meldingar og anna informasjon som kan være relevant dersom du har det. Du får tildelt ein eigen brukar, slik at du kan logge inn og legge ved fleire dokumenter om du ynskjer, samt kommunisere med saksbehandlaren din. Ta godt vare på brukar og logginn. Dette er spesielt viktig om du varsler anonymt, da saksbehandler ikkje har nokon annan måte å kontakte deg på enn gjennom portalen.

For meir informasjon om MittVarsel, trykk her

Informasjon vedr å sende inn varsel: her