Flækøyhøe UPP
Vårens brattaste eventyr!

Med fantastisk natur, nasjonalparkar og høge fjell på alle kantar. Kva er vel meir naturleg enn å arrangere eit motbakkeløp i Skjåk?
Løypa
Starten går i Bismo sentrum på 400 moh. Konkurranseklassa startar kl 11.00. Trimklassedeltakarar kan starte mellom kl 9 og 10 utan tidtaking. Det er fellesstart for trimklassa kl 10 med tidtaking. Tidene i trimklassa blir ikkje offentleggjorte.
Løpet startar ved Skjåk kommunehus. Fyrste del av løpet går gjennom sentrum og langs gang- og sykkelvegen til Skamsarbrua. Deretter over brua og kryssing av fylkesvegen. Løypa tek opp gardsvegen mot vest og Morken gard. Like før garden tek du av merka løype til venstre. Løypa går i noko ulendt terreng i 300 meter til du kjem inn på raudmerka stig ovanfor Morken. Stigen går bratt oppover skogen og frå 700 moh etter ein rygg i terrenget til skryteboka på 950 moh. Mål er ved ved ein varde på 1099 moh. Dette er grensa for Breheimen nasjonalpark.

Meld deg på Flækøyhøe UPP