Nyheiter
Barneidretten – eit tilbod til dei aller yngste
Barneidretten er for born opp til 6 år i Skjåkhallen onsdagar frå kl. 17.00-17.50.
Barneidretten har leik og moro i fokus.
Det vil ikkje vera noko styrt opplegg. Vi set ut utstyr og legg opp til fri leik.
Alle som deltek må vera medlem i Skjåk idrettslag.
Crossfitinspirert trening for ungdom
Etter haustferien og fram til jul tilbyr Skjåk idrettslag gratis treningsopplegg for ungdom frå 8. til 10. klasse på treningssentret.
Opplegget vil vera crossfitinspirert, og timane blir tysdagar frå 14.00-15.30. Ole Granum vil vera instruktør.
VI KASTAR I GANG ÅRETS SESONG!
Hei Fjellgeiter!
Posten på Rognebekktjønnin er teke ned. Om du har planar om å gå turen, ta eit bilete å send det inn til oss.
Det blir Fjellgeitkveld på Skjåk Turistheim onsdag den 23. november kl 18.00. Frist for innsending av utfylt folder er 16.oktober.
Hugs å send inn bilete til simen_toven@live.no
OPPSTART AV KARATE
Etter haustferien startar kampsportgruppa opp med karatetrening.
Fyrstetrening blir 20.10.22 frå kl. 14.10-15.15.
Påmelding innan 14.10.
Påmeldinga til årets symjekurs har opna
Symjegruppa i Skjåk IL arrangerar ni forskjellige symjekurs etter retningslinjer frå Norges Svømmeskole.
Påmelding på www.tryggivann.no
Fyrste turnkveld hausten 2022
Turn er enderleg i gang att!
132 ungar sto klare for sesongens fyrste turnkveld. I år er det begrensningar med 50 plassar på kvar gruppe. Det er fortsatt nokre ledige plassar att.
Dametrimmen startar att
Dametrimmen driv med styrke og basistrening i 2. etg. på hallen mandagar og torsdagar.
Mandagar frå 19.30-20.30 (For den som vil er det spinning frå 18.30-19.30 med i same lokal før dametrimmen)
Torsdagar frå 19.30-21.00
Salgskveld med Umbro
Skjåk idrettslag arrangerar salgskveld med Umbro 19. september frå kl. 1700 – 20.00.
Rusten Sport ryddar opp i butikken å vil ta med restlager av Umbro å selgje ut dette til ein billig penge til medlemmar i Skjåk IL.
Ny kolleksjon vil også bli presentert.
Vel møtt.
Vellykka Tine Fotballskule
127 fotballglade ungar deltok på Tine Fotballskule på Bismo stadion 8. og 9. august. Takk til alle hjelpetrenarar og friviljuge som deltok, og takk til alle sponsorar.