Symjegruppa
Symjegruppa i Skjåk IL arrangerar kurs etter retningslinjer frå Norges Svømmeskole
– ein del av Norges Svømmeforbund.
Vårt mål er å fremme tryggleik og meistring for alle våre deltakararar. Tilbodet strekkjer seg frå vasstilvenning til vidaregåande symjing for treningsglade ungdom.
Symjegruppa i Skjåk il er knytt til Norges Svømmeforbund og gjennomfører sine kurs ut frå retningslinjene til Norges Svømmeskole. Vi har dei siste åra utvida tilbodet av symjekurs, og kan i dag tilby ei komplett kursrekkje Trygg i vann. Det er omlag 140 deltakarar på dei to kursperiodane våre.
Våre kurs startar i slutten av januar og fyrst i september og går over 10 kurskveldar. Påmelding til kurs gjer ein via www.tryggivann.no. Der finn ein også detaljer om kvart enkelt kurs.
Symjegruppa har meir enn ti instruktørar som er sertifiserte gjennom Norges Svømmeforbund, for å gje god kvalitet og trygg opplæring. Opplæringstilbodet vi gjev følgjer trinnvis utvikling av ferdigheiter. Målet er at deltakarane får eit tilbod tilpassa deira dugleikar. Symjegruppa bidreg også med sertifiserte instruktørar knytt til barnehagesymjinga i kommunen.
Vi har fram til 2024 ei avtale om Klubb-rabatt hos Klubben.no. Rabatten kan nyttast av kursdeltakarar og Symjegruppa. Koda er SKJÅK24.
Symjekurs våren 2023:
Vassleik
Her fokuserer på tryggleik og samvær. Økta passar for barn mellom 1år og 3 år. Barna stillar med minst ein vaksen. Det vil bli både song, leik og mykje eigentid.
Tysdag kl. 17.00 – 17.30, frå 17. januar t.o.m. 21. februar (6 kveldar).
Pris 450,-kr pr. deltakarer.
Kval
Her fokuserer vi på kjernefunksjonen ‘Dykke’. Dette inneberer å dykke kroppen under vann, samt kontrollere pusten. Kurset er for ungar i førskulealder og oppover.
SKJÅK: Onsdag kl. 17.00 – 17.30, frå 18. januar t.o.m. 22. februar.
LOM: Onsdag kl. 17.00 – 17.30, frå 18. januar t.o.m. 22. februar.
Pris 600,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 600,- for første barn, øvrige barn kr 450,-).
Skilpadde
Her fokuserer vi på kjernefunksjonen «flyte». Deltakarane må vere trygge på å dykke hovudet under vatn og hente opp ulike leiker.
SKJÅK: Onsdag kl. 17.40 – 18.10 frå 18. januar t.o.m. 22. februar.
LOM: Onsdag kl. 17.40 – 18.10 frå 18. januar t.o.m. 22. februar.
Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).
Pingvin
På pingvin fokuserer vi på kjernefunksjonen «gli» og crawl beinspark. Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, og dei må kunne flyte på mage/rygg.
Onsdag kl. 18.20 – 18.50 frå 18. januar t.o.m. 22. februar.
Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).
Selunge
På selunge fokuserer vi på kjernefunksjonen «framdrift». Deltagerne skal lære å symje grovkoordinert crawl med pust og ryggsymjing samt grunnteknikk i stup. Deltagerne på ha kontroll på pusten under vatn, dei må kunne flyte og gli i pil på mage/rygg.
Torsdag kl. 17.50 – 18.25 frå 19. januar t.o.m. 23. februar.
Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).
Sel
På Sel fokuserer vi på riktige/effektive beinspark, rotasjonsteknikk i rygg/crawl, vidareutvikling av pusteteknikk i crawl og stupeteknikk. Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, og dei må kunne symje minst 25 meter på mage/rygg. Deltakarane må tørre å symje på djupet.
Torsdag kl. 17.00 – 17.45 frå 19. januar t.o.m. 23. februar.
Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).
Sjøløve
Målsetting er å lære/vidareutvikle grunnleggjande symjeteknikk innan symjeartane bryst, rygg, butterfly og crawl, samt vendingar og stup. I tillegg til teknikktrening vil vi ha fokus på å symje mykje. Deltakarane må tørre å symje på djupet.
Torsdag kl. 18.30 – 19.15 frå 19. januar t.o.m. 23. februar.
Pris: 600,- kr pr. deltakar . (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-)
Delfin
På Delfin-nivået fokuserer ein på teknikk i bryst og butterfly. Deltakarane skal få meir kjennskap med symjeteknikkane i bryst og butterfly, slik at dei meistrar desse grovkoordinert.
Torsdag kl. 19.25 – 20.10 frå 19. januar t.o.m. 23. februar.
Pris: 600,- kr pr. deltakar . (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).
Hai/trening
På Hai-nivået fokuserer ein på medleysymjing. Dette summerer opp dei ferdighetane og teknikkar man har lært på dei andre kursa. Medleysymjing set saman dei fire symjeartane. På dette nivået skal deltakarane også vidareutvikle undervassymjing, starting og vendingar.
Torsdag kl. 19.25 – 20.10 frå 19. januar t.o.m. 23. februar.
Pris: 600,- kr pr. deltakar . (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).
- Vi testar deltakarane fyrste kvelden, ved eventuelt byte av kurs vil de få beskjed om det.
- Vi ynskjer at foreldre ventar på gangen, ta kontakt ved spesielle behov.
Det er også viktig at deltakarane ikkje går inn i symjehallen når det er eit anna kurs som held på. Vent i gangen til instruktøren kjem og hentar dykk inn. - Det er per no berre 6 kveldar med kurs grunna renovasjon av bassenget. Om det blir endringar på opningstid vil vi utvide kurset med fleire kveldar. Det vil koma beskjed når det nærmar seg vinterferie.
- På dei ulike kursa fins det fleire delmål. Det er desse delmåla instruktørane går ut frå når dei skal vurdere om deltakaren er klar for å gå vidare. Hugs på at nokre gonger må man gå kurset på nytt fordi ikkje alle delmåla er oppnådd. Det er stort sprik mellom fleire av kursa.
- Alle som deltek på kurs må vere medlem i Skjåk IL grunna forsikring. Ungar som er medlem i Lom IL betalar halv pris i Skjåk IL.
- Medlemmar i Skjåk IL får 20 % på symjeutstyr hjå Rusten Sport AS.
- Tips: Det er viktig å ha gode symjebriller, bruke badebukse, badedrakt (ikkje bermudashorts). Vi vil at alle våre kursdeltakarar skal bruke badehetter. Alle nye deltakarar får badehette frå symjegruppa når dei deltek på kurs.
- Følg oss på Facebook – Symjegruppa Skjåk Idrettslag.
- Leiar Trine Sanden på tlf. 40 24 40 54
- Svømmeskoleansvarlig Stine Leirmo på tlf.
48 18 59 81

Følg oss på Facebook – Symjegruppa Skjåk Idrettslag