Klubbhandbok for Skjåk Idrettslag
Klubbhåndboka er under stadig oppdatering. Ser du informasjon som burde vore med eller endra, så ta kontakt med Elin på dl@skjakil.no
Ei klubbhandbok er ei rutinehåndbok. Denne skal svare på dei viktigaste spørsmåla om klubben og å gjera det enkelt å finne ut kva som gjeld internt i klubben. Den skal sikre at det er kontinuitet i det som blir bestemt og gjort. Klubbhandboka er laga etter mal av NIF, og innhaldet blir vedteke av styret. Styret har mandat til løpande revidering av innhaldet.
Handboka er eit arbeidsverktøy for alle medlemmar, utøvarar, foreldre, tillitsvalgde i styrer, komiteer, og utval, tilsette, trenarar og dommarar i Skjåk Idrettslag. Nye styremedlemmar, tillitsvalde og gruppeleiarar bør sette seg inn i klubbhandboka.
Handboka skal brukast til å forstå og å kommunisere kva som er viktig i vårt idrettslag, kva vi skal oppnå, kva vi tilbyr, og korleis vi gjer ting. Gruppane kan bruke utdrag av klubbhandboka for skriv til foreldre, utøvarar o.l. Dei fleste søkjer kun den informasjonen som dei har behov for. Bruk innhaldslista for å finne det du er ute etter.
Framsida viser dato for siste oppdatering.