Gjenbrukshelg

Helga 27. og 28. april blir det gjenbruks- og bærekrafthelg!

Laurdag 27.april er det Naturvernforbundets klesbyttedag, og Husflidslaget står klare på Frivilligsentralen for at klede skal få nye eigarar.
Du kan levere inn opp til sju plagg fredag 26.april mellom kl 18.00 og 20.00, du vil få ein lapp pr plagg. Laurdag kan du komme og bruke desse lappane til å kjøpe klede du treng sjølv. Husflidslaget stiller også opp med eit Fiksarlaug, så du kan lære deg korleis du kan reparere ødelagte klede.

Søndag går vi over til utstyr. Ta med deg utstyret som du vil selge/bytte/gje bort og sjå samtidig om du kanskje finn noko du har bruk for sjølv. Du står sjølv på din eigen stand og ordnar med handelen.

Følg med på skjakil.no for info, når det gjeld utstyrsdagen vil det bli påmelding for vi treng å vite kor mange vi må ha plass til 😊