Pumptrack
Velkomen til Skjåk Pumptrack
Skjåk IL ynskjer at Skjåk Pumptrack skal vera ein trygg og hyggeleg møteplass for barn, ungdom og vaksne som vil bruke sykkel, skateboard, sparkesykkel eller rulleskøyter.
Vi oppmodar alle brukarar – og særleg føresette med yngre barn – til å gjere seg kjende med banereglane og annan nyttig informasjon om bruk av bana. Dette bidreg til ei trygg og god oppleving for alle som besøker pumptracken.
Du finn bana på Dønfoss: kjør til parkeringa bak Coop Prix og gå innover ljosløypa.
Reglar for trygg og god bruk av bana
- Hjelm er påbode.
- Følg køyreretninga på bana – mot klokka.
- Stopp ikkje opp på bana eller i svingane.
- Alle må ha kontroll på det dei rullar med, og vis omsyn til andre brukarar – både store og små.
- Det er ikkje tillate med motoriserte køyretøy på bana.
- Tilpass fart og køyring etter eigne ferdigheiter.
- All bruk skjer på eige ansvar.
- *BMX-syklar m/pegs er ikkje tillate på pumptrackbana.
*BMX-pegs (street/stunt-pegs front og bak på hjul) aukar risikoen for personskadar ved fall og samanstøytar, og kan skade asfaltdekket på bana. For tryggleiken til alle brukarar og for å verne anlegget skal pegs vere fjerna før sykling på pumptrackbana.
Hugs!
Reglane er laga for tryggleiken til alle som brukar bana.
All bruk skjer på eige ansvar.
Pumptrack-bana er for dei som har lært å sykle eller har kontroll på det dei rullar med. Bana er ikkje meint som leikeplass eller stad for grunnleggjande sykkelopplæring.
Føresette bør følgje med på yngre barn og sjå til at reglane blir følgde.
Vis omsyn til andre brukarar på bana. Nokon er erfarne, medan andre er nye. Snakk fint til kvarandre og vis respekt, så får alle ei god oppleving.
Køyr i rett retning (mot klokka), hald kontroll og slepp fram andre når det trengst.
Det handlar både om tryggleik – og om å gje plass til alle som vil bruke bana.
Vanlege spørsmål
Kan eg som føresett bidra med noko?
Ja – positive og engasjerte vaksne er viktige for trivsel og tryggleik på bana.
Du kan gjerne hjelpe til med å halde området ryddig, koste bana eller plukke opp søppel som blir liggjande att. Kost finn du ved bana.
Snakk hyggeleg med både barn, ungdom og andre vaksne. Ei god stemning rundt bana gjer opplevinga betre for alle. Legg gjerne bort mobilen – bortsett frå når du tek bilete eller filmar.
Kan føresette/publikum stå inne på bana?
For tryggleiken til alle ber vi om at publikum held seg utanfor køyreområdet og viser omsyn til dei som brukar bana.
Når mange står inne på området, kan det fort oppstå farlege situasjonar. Barn kan springe ut i bana, syklar kan kome frå sida, eller nokon kan stoppe opp der andre køyrer. Dette aukar risikoen for uhell og kollisjonar.
Om Skjåk Pumtrack
Skjåk IL eig anlegget og har, saman med frivillige eldsjeler, teke initiativ til og arbeidd fram pumptrack-bana.
Anlegget er finansiert med støtte frå:
- Spelemidlar
- Olav Thon Stiftelsen
- Skjåk kommune
- Dønfoss Camping
- Skjåk Energi
- SpareBank 1 Lom og Skjåk
- Team Verksted Skjåk
- Skjåk Almenning
Grunnarbeid, asfaltering og pynting rundt bana er utført av:
- Fallingen A/S
- Aaboen A/S
Bana er bygd av Trailhead Nesbyen.
Skjåk IL rettar ein stor takk til alle friviljuge som har bidrege. Dugnadsinnsatsen dykkar har vore heilt avgjerande for å få dette til.

Status 4.juni: Vi nærmar oss ferdig!!!
Aaboen as har lagt ned eit stort arbeid med grunnarbeidet, og er nå i gang med å få pynta rundt bana med jord og såing av gras.
Fallingen as saman med ein dugnadsgjeng har lagt ned ei, formidabel jobb med asfaltering, snakk om muskelbyggingsarbeid!
Det vil bli offisiell opning av bana når den er heilt ferdig og vi har fått opp skilt, men vi satsar nå på at bana kan takast i bruk laurdag 6.juni. Følg med her for informasjon.
Status pr jan 2026:
Grunnarbeidet vart ferdig før vinteren kom, resten av arbeidet for å ferdigstille pumptracken vil skje i løpet av våren 2026 🙂
Sjå bilde av slik pumptracken skal bli nederst på denne sida.

________________________________________________
Status pr 21.oktober 2025: Grunnarbeidet startar i dag!!!
Følg med for bilde og oppdateringar 🙂
__________________________________________________
Status pr 14.september 2025 er at vi har finansieringa på plass, heilt fantastisk!!!
Vi har fått spillemidler, støtte frå kommuna, lokale bedrifter og ei stifting, og saman med det som vil bli ein enorm dugnadsinnsats er vi klare til å sette i gang! Papirarbeidet til kommuna nærmar seg ferdig, og om vinteren ikkje kjem på oss for fort så kan bana bli bygd i oktober. Alternativt vil vi stå klare med spaden når våren kjem 🙂
Dette blir heilt suverent, og vi er svært takknemlege for alle støtte som gjer at vi faktisk får bygd pumptracken! Dette blir eit løft for kommuna, både med tanke på eigne innbyggarar men også med tanke på turistar. Det gledes!
___________________________________________________
I samarbeid med Uniqa og Trailhead Nesbyen jobbar med på få bygd ein pumptrack på Dønfoss! 🙂
Ein pumptrack er ei asfaltert rundbane med hopp og svingar. Namnet pumptrack kjem frå at du skal «pumpe» deg gjennom løypa på sykkel, dei som har gjort dette litt kjem seg gjennom heile pumptracken utan å trakke ein einaste gong med pedalane.
Du bestemmer sjølv korleis du vil kjøre i den, og sjølv om den i utgangspunktet er tenkt for syklar så fungerer den like bra for skateboard, rullekøyter og sparkesyklar. I tillegg til dette passar den for alle. Liten eller stor, vanleg sykkel eller løpesykkel; her er det berre å slå seg laus!
Den er planlagt å ligge i skogen bak butikken; om du følger ljosløypa innover så får du området på høgre hånd like etter fotballbana til barnehagen. Denne plasseringa er heilt suveren med tanke på stiane som ligg innover skogen i dette området, får vi pumptracken på plass så vil den bli inngangsporten til Skjåk sitt eige sykkeleldorado 🙂 Dette vil bli eit enormt fint tilbod både for bygda og bygdene rundt, men også for alle turistane som kjører rundt med syklar på bilen. Dette vil glede mange!
Størrelsesmessig vil den lagast med UCI-standard, dvs at den er godkjent for konkurransar.







