I denne sesongen har vi desse laga i serie:J9, J10, J12, G12 og J14.
I tillegg har vi tilbod til dei yngste spelarane 6-8 år. Dette starter opp måndag veke 42. Invitasjon går ut på skulane i Lom og Skjåk til desse laga. Under finn du treningstidene for dei ulike laga.
Alle som spelar handball må vere medlem i Skjåk IL. Frå det året spelarane fyller 13 år, må ein betale handballisens for å få lov til å spele kampar. Handballisens gjev deg ikkje berre lov til å spele kampar, men er og di forsikring dersom du skulle skade deg. Både kontigent til Skjåk il og lisens blir betalt gjennom minidrett.nif.no
Det er viktig for oss at Skjåk IL Handballgruppa har eit godt miljø og at alle trivst blant medspelarar, vaksne, på bana og på tribunen. Vel møtt til treningar og kampar i vinter og vår!
Styret 2020/2021:
Leiar: Marit Sletten, mob 41429596, marit-sletten@hotmail.com
Økonomiansvarleg: Arild de Presno, adep@fjellnett.no
Materiellforvaltar: Siv Elisabeth Knutsødegård Stenersen
Kioskansvarleg: Nina Kvalheim Kveum
Dommar-og kalenderansvarleg: Sylfest Krogstad
Sekretær: Anita Tråstad
Oversikt over treningsgrupper og tider:
J6 – J10: Trening måndag kl 1630 til 1730. Trenar: Trine Sanden, Kjersti Røhr, Kjersti Welve og Elin Bustad.
G12: trening tysdag 1700 til 1830 og torsdag 1700-1830. Trenar: Eva Therese Hyrve
J12: trening tysdag 1700 til 1830 og torsdag 1530-1700. Trenar: Ruth Aurmo
J14: trening tysdag og torsdag 1830 til 2000. Tysdagar i Lom. Trenar: Arnt Aurmo
J16 og senior: tysdag 2000 til 2130. Kontaktperson: Marit Sletten