Turn
Skjåk gym og turngruppe vart offisielt stifta i 1985, men Gunnar Nilsen hadde mange år før det dreve med turnaktivitetar for born i Skjåk. Kirsti Morken har også vore med nesten frå starten, så her ha vi to med lang erfaring!
Turngruppa aktiviserar born frå 1. klasse og oppover til forskjellige turnaktivitetar ein gong i veka. I tillegg har vi trening ein gong i veka på gymnastikkhjul for dei litt eldre og erfarne turnarane. Målet for turngruppa er å gje eit tilbod til flest moglege born og unge der dei skal føle både glede og meistring ved å vera i aktivitet.
Våre treningstider er:
Turn 1. og 2. klasse: måndag 18.00 – 18.50
Turn 3. – 6.klasse: måndag 19.00 – 19.50
Turn 7.klasse og oppover inkl vaksne: måndag 20.00 – 21.15
Gymnastikkhjul: onsdag 19.30 – 21.00
Alle som er med på turn og/eller gymnastikkhjul, må vera medlem i Skjåk IL. Innmelding gjer du på minidrett.no
Vil du vera med på turn, så gå inn gå inn her for påmelding:
Påmelding 1. og 2.klasse
Påmelding 3. – 6.klasse
Påmelding 7.klasse og oppover inkl vaksne
Gymhjul: Det er ikkje eiga påmelding til gymhjul, dei som er aktuelle blir kontakta. Ca 1 gong i året starter vi med nye gymhjulutøvere, det er 5.-.6.klasse som får tilbodet. For å få vera med på gymhjul må du ha turna minimum siste året, og du må vera med på vanleg turntrening i tillegg til gymhjultreninga.

Vel møtt til turntrening til både gamle og nye turnarar!