Fjellgeita
Fjellgeita er turorientering for barn, ungdom og vaksne i den vakre Skjåknaturen.
Vi håpar og trur at dette vil inspirere til mange familieturar.
Vår visjon er å:
– få barn / ungdom / vaksne ut i naturen
– få barn / ungdom / vaksne til å bli glad i naturen
– få barn / ungdom / vaksne til å bli kjent i Skjåk
Alle som er med kan vinne flotte premiar. Fjellgeitmerke til barn, ungdom og vaksne.
Vi oppmodar også dei vaksne til å klyppe og levere foldarane.

Fjellgeitturar 2022
Postane blir satt ut frå starten av mai og utover. Vi informerar her, og på Facebook når postene kjem opp.
Praktisk informasjon om Fjellgeitturane kan du lese om her.
Last ned folder her.
GOD TUR!

Dagsturhytta
Langtur og familietur – med kvart sitt utgangspunkt. Flott utsikt mot Bismo og Nordberg.

Aualehaugen
Enkel tur, for alle aldre. Posten står ved gapahuken, ein fin plass for å ta ein lang kvil.

Baksida av Pollvatnet
Familietur. Dette er ein fin sykkeltur, og i Pollvatnet er det mykje fisk å få.