Nyheiter
Vellykka Tine Fotballskule
127 fotballglade ungar deltok på Tine Fotballskule på Bismo stadion 8. og 9. august. Takk til alle hjelpetrenarar og friviljuge som deltok, og takk til alle sponsorar.
Tine Fotballskule 8.-9. august
Fotballgruppa i Skjåk IL arrangerar Tine fotballskule for jenter og gutar i alderen 6-12 år (f. 2010-2016) den 8.-9. august kl. 9.00-14.00 på Bismo stadion.
Minnar om påmeldingsfrist 12. juli!
Nye lamper i ljosløypa i Dønfoss
Ein stor takk til Tom Erik Myrum, Håvard Gartland og Ronny Brukveen!
Dei har til saman lagt ned 110 friviljuge timar på å skifte alle lampane i ljosløypa i Dønfoss.
Dei nye lampane har redusert straumbruken frå 22 kW til 4 kW.
Teiknekonkurranse 2022
I alt for mange år har logoen til Fjellgeita vore ei antilope! Antiloper er flotte, men no er det på tide å få på plass ei ekte fjellgeit. Vi inviterar difor alle, store og små, til å delta i sumaren sitt vakraste eventyr (med unntak av Fjellgeitturane), nemleg Fjellgeita si teiknekonkurranse.
Fjellgeita
Info om post 1: På baksida av Pollvatnet har dei nå stengt vegen med ein bom. Nå må alle Fjellgeitene parkere og gå frå Pollsætre.
God tur!