Nyheiter

9. januar 2023

Crossfitinspirert trening for ungdom

Vi fortsett med same opplegget som i haust.
Oppstart blir onsdag 18. januar og vil vare i 8 veker (pause i vinterferien).

Trening onsdagar frå kl. 14.30 – 15.30 på Skjåk treningssenter.

Påmelding:
Send fullstendig navn til dl@skjakil.no.
Hugs at du må vera medlem i Skjåk IL for å delta.
Er du ikkje medlem frå før, kan du melde deg inn via minidrett.no

Les meir
6. januar 2023

Oppstart turn våren 2023

1.parti Skjåk, 2.parti og 3.parti oppstart 16.januar.
1.parti Lom oppstart 23.januar.

Les meir
5. januar 2023

Terminlista for skisesongen

Skigruppa startar sesongen med ei kickoffsamling i kantina på ungdomsskulen tysdag 24. januar, der det også blir delt ut premiar for alle som i 2022-sesongen gjekk 3 renn eller fleir. Det kjem mer info seinare.
Her er terminlista for sesongens renn!

 

Les meir
24. desember 2022

Vi ynskjer alle ei god jul og eit aktivt nytt år!

Skjåk Idrettslag ynskjer å takke sponsorar og alle som har bidrege friviljug for idrettslaget i året som har gått.

 

Les meir
21. desember 2022

Barneidretten fortsett etter jul

Siste økta med barneidrett for i år blir i kveld frå 17.00-17.50.

Vi startar oppatt onsdag 4. januar med same tidspunkt.

God jul til alle!

 

Les meir
2. desember 2022

Juleoppvisning

Måndag 5.desember er vi klare for juleoppvisning i Skjåkhallen.
Vi slepp inn publikum frå kl 18.00. Inngang kr 50 for vaksne og kr 25 for søsken/born (turnarane betalar ikkje noko.)
Velkommen til ei triveleg førjulsstund i hallen.

Les meir
18. november 2022

Fjellgeitkveld på Skjåk Turistheim

Onsdag  23.november kl 18.00 er det fjellgeitkveld på Skjåk Turistheim.
Det blir pizzaservering og sjølvsagt loddsal.
Vel møtt.
Les meir
25. oktober 2022

Crossfitinspirert trening for ungdom – Påmelding

Påmelding:
Send fullstendig navn til dl@skjakil.no.
Hugs at du må vera medlem i Skjåk IL.
Er du ikkje medlem frå før, kan du melde deg inn via minidrett.no


For 8.-10. klasse på treningssentret.
Tysdagar frå kl. 14.00-15.30.
Treningsopplegget varar i 5 veker.

 

Les meir
21. oktober 2022

Fjellgeitkveld

Da blir det fjellgeitkveld på Skjåk Turistheim onsdag den 23.november kl 18.00. Hugs å send inn bilete til simen_toven@live.no Vi gler oss til å sjå alle fjellgeitene våre.

Les meir
17. oktober 2022

Barneidretten – eit tilbod til dei aller yngste

Barneidretten er for born opp til 6 år i Skjåkhallen onsdagar frå kl. 17.00-17.50.

Barneidretten har leik og moro i fokus.
Det vil ikkje vera noko styrt opplegg. Vi set ut utstyr og legg opp til fri leik.

Alle som deltek må vera medlem i Skjåk idrettslag.

Les meir