Turn
Skjåk gym og turngruppe vart offisielt stifta i 1985, men Gunnar Nilsen hadde mange år før det dreve med turnaktivitetar for born i Skjåk. Kirsti Morken har også vore med nesten frå starten, så her ha vi to med lang erfaring!
Turngruppa aktiviserar ca 130 born frå 1. klasse og oppover til forskjellige turnaktivitetar ein gong i veka. I tillegg har vi trening ein gong i veka på gymnastikkhjul for dei litt eldre og erfarne turnarane. Målet for turngruppa er å gje eit tilbod til flest moglege born og unge der dei skal føle både glede og meistring ved å vera i aktivitet.
Våre treningstider er:
Turn 1. – 3. klasse: måndag 18.00 – 18.50
Turn 4. – 7.klasse: måndag 19.00 – 19.50
Turn 8.klasse og oppover: måndag 20.00 – 21.15
Gymnastikkhjul: onsdag 19.30 – 21.00
Alle som er med på turn og/eller gymnastikkhjul, må vera medlem i Skjåk IL. Innmelding gjer du på minidrett.no
Vil du vera med på turn, så gå inn gå inn her for påmelding:
Påmelding 1. – 3.kl
Påmelding 4.kl og oppover inkl vaksen
Gymhjul: Det er ikkje eiga påmelding til gymhjul, dei som er aktuelle blir kontakta. Ca 1 gong i året starter vi med nye gymhjulutøvere, det er 5.-.6.klasse som får tilbodet. For å få vera med på gymhjul må du ha turna minimum siste året, og du må vera med på vanleg turntrening i tillegg til gymhjultreninga.

Vel møtt til turntrening til både gamle og nye turnarar!