Støtte frå Gjensidigestiftelsen :)

Hipp hurra, vi har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til Idrettsveka veke 26! 😊🎉

Dette betyr at veka blir gratis, ungane får frukt og lunsj kvar dag og vi har pengar til fleire ungdommar som kan hjelpe oss.
Aktivitetane våre i år er:
Håndball m/Lisbeth
Fotball m/Sissel
Turn m/Anne Bjørg
Friidrett m/Tor
Skateboard m/Bisme Killers – Magnus
Fiskeopplæring m/Oppland Jeger og fiskeforening – Tor
Hallaktivitetar m/ Astri
Ridning m/Skjåk Hestlag – Randi Grete
Discgolf m/Bodil
Fjellgeita m/Simen
Overoppsyn heile veka: Stine

Idrettsveka er fullbooka, dei som er påmeldt får detaljert informasjon på mail i løpet av eit par veker😊

Tusen takk til Gjensidigestiftelsen, og tusen takk til alle frivillige som gjer at det er mogleg å gjennomføre ei slik veke! 😊🎉