Skjåk Turn og Gym 40 år!
I år feirar Skjåk Gym og Turn heile 40 år, og det vil vi markere med ei skikkeleg jubileumsfeiring! 💪🤸♀️
Kom og bli med oss i Skjåkhallen laurdag 22.november frå kl 13.00!
Dagens program:
13.00-15.00: Open hall. Her kan små og store prøve seg som gymnastar i hallen.
15.00-15.30: Omrigg til jubileumsforestilling i Skjåkhallen. Kanskje freistar det med ein matbit i kiosken?
15.30-ca. 17.00: Jubileumsforestilling. Vi rundar av dagen med ei festframsyning der vi ser attende på historia vår og framover på nye høgder.
Kiosken vil væra open så lenge det skjer noko i hallen, og det vil her væra mogleg å kjøpe seg lunsj og drikke.
Det vil væra loddsal med flotte gevinstar.
Vi vil i tillegg selje gavepakkene som turnerane har seld tidlegare. No med både bursdags- og juletema. Overskotet frå desse pakkene går til turngruppa.
🤸Skjåk Gym og Turn har i 40 år vore ein samlingsplass der born, ungdom og vaksne får oppleve meistring, tryggleik og idrettsglede. Her får ein prøve seg, utfordre seg og kjenne på fellesskapen – anten ein er heilt ny eller har turna i mange år. Jubileumsdagen handlar om å feire alt vi har fått til saman, og å sjå fram mot nye sprett og saltoar! 🎉🤸
👉 Del arrangementet med vener og familie, vi vil ha med flest mogleg på feiringa!
Meir informasjon kjem når dagen nærmar seg. 🎂🎶
Vi gler oss til å feire 40 år med turn, aktivitet og fellesskap, velkomen til ein dag full av energi og jubileumsstemning! 🥳