Skidag Grotli skiheiser 2026
Hei til alle!
Vi endte opp med 199 påmeldte! Eit fantastisk antal, men dette vil nok også gjera at det blir ein del venting i heisen og med utlån i morgon. Vi ber alle vera tålmodige.
Påmeldinga er nå stengt, og oversikt over grupper på kurs vil bli lagt ut her så fort dei er klare.
Oversikt grupper og tidspunkt Parkkjøringskurs
Oversikt grupper og tidspunkt Alpin nybegynner
Oversikt grupper og tidspunkt Alpin kjørt før
Oversikt grupper og tidspunkt Snowboard
Til alle som skal med bussen: bussen har avreise frå YX kl 09.30, vær ute i god tid. Retur frå Grotli 16.15
Heisane er opne 10.30 – 16.00
Du får ikkje heiskort, så det er berre å begynne å kjøre.
Dei som skal låne utstyr går opp i heisbua i storheisen og får hjelp der. Dei som skal på kurs før lunsj får utstyr fyrst.
Det blir varm grill frå kl 12.00 ved storheisen for dei som vil ha med seg noko å grille.
_______________________________________
Det blir skidag i Grotli skiheiser laurdag 14.mars 🙂 Skidagen er for alle, både ungar og vaksne!
Påmeldinga til dagen vil opne måndag 9.mars kl 18.00, lenke til påmelding her
Du kan da melde deg på kurs, og du må legge inn om du vil ha buss/heiskort/utstyr
Program for dagen:
09.30: Bussen avreise frå YX
10.30: Skiheisane opnar
10.30 – 12.00: Kurs før lunsj
12.00 – 13.00: Lunsj. Det blir varm grill ved storheisen.
13.00 – 14.30: Kurs etter lunsj
14.30 – 16.00: Eigen kjøring
16.00: Heisane stenger
16.15: Bussen avreise frå Grotli
Kurs
Vi tilbyr gratis kurs i alpin nybegynner, alpin kjørt før, snowboard og park
– Alpin kjørt før, frå 12 år og oppover. Leiken kjøring i og utanfor løypa. Instruktørar: Elling Starrem og Arnstein Sperstad
– Snowboard, frå 8 – 15 år. Instruktørar: Stian Solheim og Edvard Mølmen
– Parkkjøring, frå 7 år. Instruktør: Nina Rusten
Tusen takk til alle instruktørar!
Dei som skal på kurs vil få beskjed om du har kurs før eller etter lunsj.
Buss
Det blir satt opp gratis buss. Avreise frå YX Bismo kl 09.30, retur frå Grotli 16.15.
Vi har stor buss, så om det er nokon som vil ha ein dag på Grotli berre for å vera turist eller ha med seg langrennski for å ta ein tur så kan du kryssa av for at du berre ynskjer å vera med bussen.
Det er ikkje nokon til å passe på på bussen, så dei som skal vera med den må vera sjølvstendige
Heiskort
Vi tilbyr gratis heiskort
Lån av utstyr
Har du ikkje utstyret du treng, kan du låne det gratis på Grotli
All deltaking er på eige ansvar, og alle må rette seg etter Grotli skisenter sine regler.
Tusen takk til Merete, Frode, Elling, Arnstein, Stian, Edvard, Nina og Marie som stiller som kursinstruktørar!
Tusen takk til Gjensidigestiftelsen som gjer denne dagen mogleg! 🙂