Pumptrack
Status pr 14.september 2025 er at vi har finansieringa på plass, heilt fantastisk!!!
Vi har fått spillemidler, støtte frå kommuna, lokale bedrifter og ei stifting, og saman med det som vil bli ein enorm dugnadsinnsats er vi klare til å sette i gang! Papirarbeidet til kommuna nærmar seg ferdig, og om vinteren ikkje kjem på oss for fort så kan bana bli bygd i oktober. Alternativt vil vi stå klare med spaden når våren kjem 🙂
Dette blir heilt suverent, og vi er svært takknemlege for alle støtte som gjer at vi faktisk får bygd pumptracken! Dette blir eit løft for kommuna, både med tanke på eigne innbyggarar men også med tanke på turistar. Det gledes!
___________________________________________________
I samarbeid med Uniqa og Trailhead Nesbyen jobbar med på få bygd ein pumptrack på Dønfoss! 🙂
Ein pumptrack er ei asfaltert rundbane med hopp og svingar. Namnet pumptrack kjem frå at du skal «pumpe» deg gjennom løypa på sykkel, dei som har gjort dette litt kjem seg gjennom heile pumptracken utan å trakke ein einaste gong med pedalane.
Du bestemmer sjølv korleis du vil kjøre i den, og sjølv om den i utgangspunktet er tenkt for syklar så fungerer den like bra for skateboard, rullekøyter og sparkesyklar. I tillegg til dette passar den for alle. Liten eller stor, vanleg sykkel eller løpesykkel; her er det berre å slå seg laus!
Den er planlagt å ligge i skogen bak butikken; om du følger ljosløypa innover så får du området på høgre hånd like etter fotballbana til barnehagen. Denne plasseringa er heilt suveren med tanke på stiane som ligg innover skogen i dette området, får vi pumptracken på plass så vil den bli inngangsporten til Skjåk sitt eige sykkeleldorado 🙂 Dette vil bli eit enormt fint tilbod både for bygda og bygdene rundt, men også for alle turistane som kjører rundt med syklar på bilen. Dette vil glede mange!
Størrelsesmessig vil den lagast med UCI-standard, dvs at den er godkjent for konkurransar.







