Nybegynner- / Prøvetimar karate

Har du lyst til å finne ut om karate er noko for deg? Eller har du prøvd litt før og kanskje har lyst til å begynne att?
Det blir nybegynner-/prøvetimar i Skjåkhallen:
– torsdag 18.sept
– torsdag 25.sept
– torsdag 2.oktober
Alle dagar kl 15.00 – 16.00.
Velg deg ein eller fleire av dagane, og kom 🙂

Har du berre lyst til å sjå litt i fyrste omgang for å finne ut om du vil prøve, så går det heilt fint. Ope for 4.klasse og oppover.

Du treng ikkje vera medlem for å vera med desse dagane, berre kom og sjå om dette er noko du har lyst til å vera med på vidare.
Vi har trening gjennom heile vinteren.

Har du spørsmål, så ring trenar Edvard på 91545250