Post 7. Slettomsvegen – Matholgrovi
Posten ved Slettomsvegen – Matholgrovi er lagt ut 26.mai.
Parker ved Påleplassen/Pålebrua i Bråtå, og følg Slettomsvegen bortover til du kjem til Matholgrovi. Du finn posten mellom vegen og elva, det er skilta med Fjellgeita ved vegen.
Turen kan gjerast både stutt og lang ut i frå kor du parkerer. Denne posten er også fin om du vil på sykkeltur 🙂
Koordinatane i folderen stemmer ikkje, dei rette er 32V 440974 6863295.
