Påskesprinten 2026
Velkommen til årets påskesprint på Grotli 2.april kl 13.00!
Det vil i år bli skiløypa frå hotellet på Grotli og bortover til gamle-Grotli som vert nytta til påskesprinten. Denne runda er totalt ca 4 km lang, distansane 5 km og 10 km er derfor i år bytta ut med 4 km og 8 km. Dei øvrige distansane er som før.
Opp til og med 5 år går 500 meter. 6 – 10 år går 1 km. 11 og 12 åringer går 2 km. 13 og 14 åringer går 3 km.
For klassar til og med 14.året er rennet i fristil, frå 15 år og oppover er det klassisk stil.
Det er også i år moglegheit til å melde seg på Påskesprinten spesial, for dei som treng ledsager/ynskjer ein tilpassa sprint.
Gje beskjed til til Lars på tlf 48268809 innan onsdag 1.april klokka 23.59 om kva for nokre tilpasningar som trengs.
Startnummerutdeling foregår på hotellet frå klokka 10.00 til 12.00.
!!! SISTE FRIST TIL Å MELDE SEG PÅ PÅSKESPRINTEN ER ONSDAG 1.APRIL KL 23.59 !!!
Etter dette vil tidtakerprogrammet tildele startnummer, og det vil ikkje vere anledning til å melde seg på.
Påskesprinten inneber som oftast mykje folk, glede og kaos, og det er ingen grunn til at det kjem til å bli noko anna i år
Velkommen til fjells!