Nytt år! :)
Da var det bikka over til eit nytt år, og aktivitetane våre er i gang att. Skulle du vera nysgjerrig på å sjå korleis det er på ei av treningane? Kanskje vurderer du å bli med? Da er det berre å komme for å sjå og helse på 🙂
For spørsmål om ei trening, ta kontakt med trenar eller med dagleg leiar Elin (sistnevnte: dl@skjakil.no, tlf 90854243)
Har du økonomiske utfordringar men ynskjer å vera med, så ikkje nøl med å kontakte dagleg leiar. Vi finn ei ordning 🙂
Alle som ynskjer å vera med på aktivitetane våre, må vera medlem i idrettslaget. For innmelding går du inn på minidrett.no
Skulle du støte på problem med innmeldinga kan du ringe support på 21029090
Prisar for medlemsskap pr kalenderår er:
Barn kr 200,-
Vaksen kr 320,-
Familie kr 550,-
Støttemedlem kr 150,-
Lykkelaget kr 50,-
Definisjon på familie: bur på samme adresse, barn opp til og med 18 år.
Er du medlem i eit anna idrettslag frå før men ynskjer å vera medlem hos oss også, får du halv pris. Dette gjeld enkeltmedlemsskap barn eller vaksen.