Kickoff håndball
- Vil du bli litt kjent med håndballgruppa og sjå kva dei held på med? (Du kan berre sitte og sjå på om du vil det).
- Vil du finne ut om håndball er noko for deg?
- Veit at du vil spela håndball i haust og vinter?
- Har lyst til å sjå ein håndballkamp mellom J14 og sjølvaste Kommunestyret?
Kan du krysse av på minst ein av desse så er dette kvelden for deg!
Tysdag 30.sept frå kl 16.30 blir det opning av årets sesong i hallen for alle årstrinn frå 1. – 10.klasse. Det blir informasjon, artige aktivitetar, og gratis pizza for alle som er med på aktivitetane. Kvelden avsluttast med showkamp mellom J14 og Kommunestyret!
PROGRAM
Kl 16.30 – 17.30 Aktivitetar med trenarar og spelarar fra j-14.
Kl 17.30 – 18.00 Pizzapause i kiosken for alle som deltar i aktivitet
Kl 18.00 Showkamp J14 mot Kommunestyret i Skjåk
SOT kjem 🙂
Velkommen!
