Flækøyhøe UPP

Velkommen til Skjåk og sommarens brattaste eventyr!

Gutt som springer opp fjellet Flækkøyhøe under konkurransen Flækkøyhøe Upp.

Flækøyhøe Upp 2026 vil bli laurdag 20.juni!
Følg også gjerne med på facebook der vi har oppretta arrangement

Norgescup Fjell- og motbakkeløp 2026
Nytt av året er at vi er eitt av tre motbakkeløp i Norgescupen i Fjell- og motbakkeløp!
Motbakkeløpene er Flækøyhøe Upp 20.juni, Kvasshovden Opp 11.juli og Melshornet Opp 5.sept.
Fjelløpene er Lofoten Ultra 30.mai, Meråker Mountain Challenge 2.august og Styrkeprøven Rett Vest 29.august.
Meir info om Norgescupen 2026

Informasjon om løpet og alt rundt

Med fantastisk natur, nasjonalparkar og høge fjell på alle kantar. Kva er vel meir naturleg enn å arrangere eit motbakkeløp i Skjåk?

Starten går i Bismo sentrum, på vegen mellom kommunehuset og banken. Du er da på ca 400moh. Trimklassedeltakarar kan starte mellom kl. 8 og 10, og det er fellesstart for trimklassa kl 10. Tidene i trimklassa blir ikkje offentleggjort.
Konkurranseklassa startar kl. 11.00.
Premieutdelinga er utanfor kjøpesenteret kl 13.30. Du må vera til stades ved premieutdelinga, vi sender ikkje premiar.

Løpet startar ved Skjåk kommunehus. Fyrste del av løpet går gjennom sentrum og langs gang- og sykkelvegen til Skamsarbrua. Deretter over brua, kryssing av fylkesvegen og vidare oppover Morkavegen. Løypa fortset oppover Morkavegen ca 800 meter, da tek du av merka sti til venstre. Løypa går i noko ulendt terreng i 300 meter til du kjem inn på raudmerka stig. Stigen går bratt oppover skogen på flott barnålssti, og frå 700 moh går stien etter ein rygg i terrenget til skryteboka på 950 moh. Mål er ved ved ein varde på 1100 moh. Dette er grensa for Breheimen nasjonalpark.
Bilder frå løypa og løpet på vår facebookside

Påmelding
Påmeldinga opnar på kvelden 2.april. Lenke vil bli lagt ut her.

Rekordar:
Dameklassa: Ingeborg Synstnes Hole: 35:24. Satt i 2024.
Herreklassa: Geir Steig 30:42. Satt i 2024.

Flækøyhøe Light
Også i 2026 blir det Flækøyhøe Light. Dei som ynskjer det kan væra med i løpet, men med målgang ved Måsåhåmårn på litt over 700moh. Som påmeldt i Light-klassa vil du også få goodies, du kan vinne uttrekkspremiar og du får Flækøyhøe Light-medalje.
Skulle du vera påmeldt Flækøyhøe Light men finne ut ved Måsåhåmårn at formen er bra, så kan du berre fortsetje heilt til topps og heller gjennomføre det ordinære løpet.

Utstyrskrav
Vi har ingen utstyrskrav.

Gratis overnatting
Vi tilbyr gratis overnatting på hytte frå 19-21.juni til dei fyrste som melder si interesse for det.
Vi har åtte hytter: seks på Gjeilo Camping og to på Skjåk Turistheim
Kriteriet for å få hytte, er at det må vera enten minst ein som startar i konkurranseklassa eller minst to som startar i trimklassa som bur i hytta.
Send ein mail til dl@skjakil.no om du ynskjer hytte, så blir dette tildelt etter at du har meldt deg på løpet. Du kan sende mail før påmeldinga opnar, så skriv vi deg opp på ei liste.

Overnatting med rabatt
Ynskjer du å overnatte på hotell, får du 10% på Pollfoss hotell. Dette gjeld 19.-20.juni eller 19.-21.juni, og inkluderer rom og frokost.
Legg inn rabattkode Norgescupen2026 ved bestilling.

Ein matbit medan du ventar på premieutdeling
Rett ved sidan av scena vi brukar til premieutdeling, ligg YX Skjåk. Når du hentar startnummeret ditt, får du med ein lapp om godpris på 160g Skjåkburger og på salat med kylling eller biff.

Dusj etter løpet
Det er moglegheit til å ta seg ein dusj etter løpet, berre si i frå i sekretariatet når du hentar startnummeret om at du ynskjer det.

Sosiale media
Følg oss også på facebook for informasjon og bilder, og følg Skjåk idrettslag sin instagram.
Det vil bli tatt bilder under løpet som kan bli brukt på sosiale media og under promotering av løp i kommande år.

Streaming
Lokalavisa Fjuken vil streame frå ca 10.45 (rett før starten på konkurranseklassa), og det vil bli streama frå når denne klassa kjem til mål på Flækøyhøe. Dei som ynskjer det kan følge med på fjuken.no

Ståk i Skjåk
Samme dag som Flækøyhøe Upp er det også Ståk i Skjåk med ymse salgsboder og liv utanfor kjøpesenteret. Vi nyttar scena deira til premieutdelinga kl 13.30.

AfterRun
Det vil bli AfterRun på OKB-puben!
OKB står for Ottadalen Kommunale Billag, så dette var det gamle buss-selskapet i dalen. Det eksisterer ikkje lenger, men fleire av dei gamle kjøretøya er tatt vare på og er plassert i OKB-museet. I samme hus ligg altså OKB-puben.

Goodies
Ved henting av startnummer får du ein Anno 1863 Gudbrandsdalsost frå Tine Lom og Skjåk, og du får rabattkupong på salat med kylling eller biff / Skjåkburger på YX Skjåk. Kupongen er gyldig berre 20.juni.
Når du hentar startnummeret ditt, får du også ein lapp med rabatt på Gokartbana i Botn. Denne rabatten kan nyttast kun den 21.juni og er gyldig for opptil 5 personar pr startande
Meir info om gokarten og NMK Skjåk her

——

Løypekart med start i Bismo (sentrum):
(startpunktet er ved kommunehuset, litt lenger mot aust enn det som visast på kartet)

Våre sponsorar og samarbeidspartnarar:


Meld deg på Flækøyhøe UPP