Ukategorisert
Spinningsinstruktør?
Kunne du tenke deg å vera spinningsinstruktør?
Du bestemmer sjølv når det skal vera trening.
Kontakt dl@skjakil.no eller ring 90854243
Ny genser til skulestart?
Tine fotballskule
Velkommen til Tine Fotballskule på Bismo Stadion 10. og 11. august!
For påmelding og meir info, trykk her
Skjåk Pumptrack
Velkomen til Skjåk Pumptrack
Skjåk IL ynskjer at Skjåk Pumptrack skal vera ein trygg og hyggeleg møteplass for barn, ungdom og vaksne som vil bruke sykkel, skateboard, sparkesykkel eller rulleskøyter.
Vi oppmodar alle brukarar – og særleg føresette med yngre barn – til å gjere seg kjende med banereglane og annan nyttig informasjon om bruk av bana. Dette bidreg til ei trygg og god oppleving for alle som besøker pumptracken.
Reglar for trygg og god bruk av bana
- Hjelm er påbode.
- Følg køyreretninga på bana – mot klokka.
- Stopp ikkje opp på bana eller i svingane.
- Alle må ha kontroll på det dei rullar med, og vis omsyn til andre brukarar – både store og små.
- Det er ikkje tillate med motoriserte køyretøy på bana.
- Tilpass fart og køyring etter eigne ferdigheiter.
- All bruk skjer på eige ansvar.
- *BMX-syklar m/pegs er ikkje tillate på pumptrackbana.
*Pegs aukar risikoen for personskadar ved fall og samanstøytar, og kan skade asfaltdekket på bana. For tryggleiken til alle brukarar og for å verne anlegget skal pegs vere fjerna før sykling på pumptrackbana.
Hugs!
Reglane er laga for tryggleiken til alle som brukar bana.
All bruk skjer på eige ansvar.
Pumptrack-bana er for dei som har lært å sykle eller har kontroll på det dei rullar med. Bana er ikkje meint som leikeplass eller stad for grunnleggjande sykkelopplæring.
Føresette bør følgje med på yngre barn og sjå til at reglane blir følgde.
Vis omsyn til andre brukarar på bana. Nokon er erfarne, medan andre er nye. Snakk fint til kvarandre og vis respekt, så får alle ei god oppleving.
Køyr i rett retning (mot klokka), hald kontroll og slepp fram andre når det trengst. Det handlar både om tryggleik – og om å gje plass til alle som vil bruke bana.
Vanlege spørsmål
Kan eg som føresett bidra med noko?
Ja – positive og engasjerte vaksne er viktige for trivsel og tryggleik på bana.
Du kan gjerne hjelpe til med å halde området ryddig, koste bana eller plukke opp søppel som blir liggjande att. Kost finn du ved bana.
Snakk hyggeleg med både barn, ungdom og andre vaksne. Ei god stemning rundt bana gjer opplevinga betre for alle. Legg gjerne bort mobilen – bortsett frå når du tek bilete eller filmar.
Kan føresette og andre besøkande stå inne på bana?
For tryggleiken til alle ber vi om at publikum held seg utanfor køyreområdet og viser omsyn til dei som brukar bana.
Når mange står inne på området, kan det fort oppstå farlege situasjonar. Barn kan springe ut i bana, syklar kan kome frå sida, eller nokon kan stoppe opp der andre køyrer. Dette aukar risikoen for uhell og kollisjonar.
Om Skjåk Pumtrack
Skjåk IL eig anlegget og har, saman med frivillige eldsjeler, teke initiativ til og arbeidd fram pumptrack-bana.
Anlegget er finansiert med støtte frå:
- Spelemidlar
- Olav Thon Stiftelsen
- Skjåk kommune
- Dønfoss Camping
- Skjåk Energi
- SpareBank 1 Lom og Skjåk
- Team Verksted Skjåk
- Skjåk Almenning
Grunnarbeid, asfaltering og pynting rundt bana er utført av:
- Fallingen A/S
- Aaboen A/S
Bana er bygd av Trailhead Nesbyen.
Skjåk IL rettar ein stor takk til alle friviljuge som har bidrege. Dugnadsinnsatsen dykkar har vore heilt avgjerande for å få dette til.
NM Gymnastikkhjul
Laurdag 30.mai blir det NM i Gymnastikkhjul i Skjåkhallen. Innmarsj kl 10.30, premieutdeling ca 17.00. Inngang kr 100 for 18 år og oppover, open kiosk. Velkommen!
Påskesprinten
Velkommen til Grotli skjærtorsdag kl 13.00 til den tradisjonsrike Påskesprinten!
Det vil i år bli skiløypa frå hotellet på Grotli og bortover til gamle-Grotli som vert benytta til påskesprinten. Denne runda totalt er ca 4 km lang, distansane 5 km og 10 km er derfor i år bytta ut med 4 km og 8 km. Dei øvrige distansane er som før.
Opp til og med 5 år går 500 meter. 6 – 10 år går 1 km. 11 og 12 åringer går 2 km. 13 og 14 åringer går 3 km.
Klubbmesterskap ski
Velkommen til Klubbmesterskap i Botn søndag 8.februar kl 13.00.
Løpet er for alle aldere 🙂
Det blir varme grillar, så ta gjerne med deg mat og drikke.
Påmeldingslenke
Om du ikkje har utstyr som passar har vi både ski, skisko og stavar gratis til utlån til både barn og vaksne på BUA Skjåk.
For å låne kan inn på bua.no og legge inn reservasjon eller du kan komme på drop.in, våre opningstider er måndag og torsdag 15.30 – 17.00.
https://www.bua.no/utlansordninger/bua-skjak
Langrenn 2026
Skigruppa arrangerer skileik og skirenn utover vinteren. Evnt endringar og meir info kjem her og på vår facebookside,