Påskesprinten
Velkommen til Grotli skjærtorsdag kl 13.00 til den tradisjonsrike Påskesprinten!
Det vil i år bli skiløypa frå hotellet på Grotli og bortover til gamle-Grotli som vert benytta til påskesprinten. Denne runda totalt er ca 4 km lang, distansane 5 km og 10 km er derfor i år bytta ut med 4 km og 8 km. Dei øvrige distansane er som før.
Opp til og med 5 år går 500 meter. 6 – 10 år går 1 km. 11 og 12 åringer går 2 km. 13 og 14 åringer går 3 km.
Det er også i år moglegheit til å melde seg på Påskesprinten spesial. (For dei som treng eller ynskjer ein tilpassa sprint) Påmelding til denne klassa gjerast direkte til Lars eller Elin Sperstad, innan onsdag 1.april klokka 23.59.
Startnummerutdeling foregår på hotellet frå klokka 10.00 til 12.00.
!SISTE FRIST TIL Å MELDE SEG PÅ PÅSKESPRINTEN ER ONSDAG 1.APRIL KL 23.59!
Etter dette vil tidtakerprogrammet tildele startnummer, og det vil ikkje vere anledning til å melde seg på.
Påskesprinten inneber som oftast mykje folk, glede og kaos, og det er ingen grunn til at det kjem til å bli noko anna i år
Velkomen til fjells!