Påmelding idrettsveke ** FULLT **
Påmelding idrettsveke ** FULLT **
Alle plassane til Idrettsveka i veke 26 er desverre tatt. Send mail til dl@skjakil.no om du vil stå på venteliste.
Klubbdag hos Rusten
Onsdag 27.mars får alle som er medlem i Skjåk IL 20% hos Rusten (gjeld ikkje allereie nedsatte varer). Nye ski? Ny skibukse? Leiker til ferien? Her finn du noko til alle 🙂
Alle må vise medlemskort for å få rabatten. Det enklaste er å laste det ned på mobilen: gå inn på minidrett.no, vidare til min side og medlemsskap. Alternativt kan du ta ei utskrift.
Skulle nokon trenge hjelp for å finne medlemsskortet, så send mail til dl@skjakil.no
Idrettsviku 2024
I veke 26, 24. – 28. juni vil det bli arrangert Idrettsviku.
Følg med for info og påmelding 🙂
Flækøyhøe Upp
Det vil bli arrangert Flækøyhøe Upp laurdag 15. juni. Påmeldinga opnar etter påske.
Endring tidspunkt laurdag 27.januar
Laurdag 27.januar blir badmintontreninga kl 10.00 – 11.00 pga eit arrangement i Skjåkhallen
Neste laurdag er vi attende til vanleg tid (10.30 – 12.00)
Kickoff ski onsdag 24.januar
Onsdag 24.jan kl 17.30 blir det Kickoff for skisesongen 2024 på kantina på skulen.
Det blir presentasjon av terminlista og premiering av dei som gjekk 3 renn eller meir i 2023.
Servering av pølse og loddsal
Velkommen!
Endring badminton
Nye tider for badmintontrening i Skjåkhallen:
Tysdag14.00 – 15.30
Laurdag 10.30 – 12.00
Ope for alle, velkommen!
Alle må væra medlem i Skjåk IL
Oppstart aktivitetar
Aktivitetar for vinter/vår 2024 er nå i gang, for oppdatert info følg med på facebook og instagram.
Alle må være medlem i idrettslaget for å være med på aktivitetane våre. Er du ikkje medlem frå før, gå inn på minidrett.no så ordnar du det der. Skulle du møte på problem med innmeldinga, så send ein mail til dl@skjakil.no