Flækøyhøe UPP
Velkommen til Skjåk og sommarens brattaste eventyr!

Dato for Flækøyhøe Upp 2025: laurdag 21.juni!
Påmeldinga er open, trykk her
Med fantastisk natur, nasjonalparkar og høge fjell på alle kantar. Kva er vel meir naturleg enn å arrangere eit motbakkeløp i Skjåk?
I 2025 blir løpet arrangert laurdag 21.juni.
Løypa
Starten går i Bismo sentrum, på vegen mellom kommunehuset og banken, du er da på ca 400moh. Trimklassedeltakarar kan starte mellom kl. 8 og 10, det er fellesstart for trimklassa kl 10. Tidene i trimklassa blir ikkje offentleggjort.
Konkurranseklassa startar kl. 11.00.
Løpet startar ved Skjåk kommunehus. Fyrste del av løpet går gjennom sentrum og langs gang- og sykkelvegen til Skamsarbrua. Deretter over brua og kryssing av fylkesvegen. Løypa tek opp gardsvegen mot vest og Morken gard. Like før garden tek du av merka løype til venstre. Løypa går i noko ulendt terreng i 300 meter til du kjem inn på raudmerka stig ovanfor Morken. Stigen går bratt oppover skogen og frå 700 moh etter ein rygg i terrenget til skryteboka på 950 moh. Mål er ved ved ein varde på 1100 moh. Dette er grensa for Breheimen nasjonalpark.
Rekordar:
Dameklassa: Ingeborg Synstnes Hole: 35:24. Satt i 2024.
Herreklassa: Geir Steig 30:42. Satt i 2024.
Flækøyhøe Light
Også i 2025 blir det Flækøyhøe Light. Dei som ynskjer det kan væra med i løpet, men med målgang ved Måsåhåmårn.
Skulle du vera påmeldt Flækøyhøe Light men finne ut ved Måsåhåmårn at formen er bra, så kan du berre fortsetje heilt til topps og heller gjennomføre det ordinære løpet.
Overnatting
Vi tilbyr gratis overnatting på hytte frå 20-22.juni til dei fire fyrste som melder si interesse for det.
Vi har fire firemannshytter: to på Gjeilo Camping og to på Skjåk Turistheim
Kriteriet for å få hytte, er at det må vera enten minst ein som startar i konkurranseklassa eller minst to som startar i trimklassa som bur i hytta.
Du må vera påmeldt på løpet før du sender mail til dl@skjakil.no vedr ynskje om hytte.
Sosiale media
Følg oss også på facebook for informasjon og bilder, og følg Skjåk idrettslag sin instagram.
Det vil bli tatt bilder under løpet som kan bli brukt på sosiale media og under promotering av løp i kommande år.
Løypekart med start i Bismo (sentrum):
(startpunktet er ved kommunehuset, litt lenger mot vest enn det som visast på kartet)


Våre sponsorar og samarbeidspartnarar:









Meld deg på Flækøyhøe UPP