Du kan gjera ein forskjell
Sjå for deg Skjåkbygda utan frivillige. Kor mange lag og organisasjonar hadde forsvunne om ingen tok på seg frivillige verv? Kor mange av aktivitetane vi alle er med på hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre?
Skjåk IL har i dag heile 92 frivillige. Det er eit imponerande tal! 92 personar som bruker av si eige fritid til å planlegge og gjennomføre aktivitetar som vi alle kan nyte godt av. Alle desse, og alle andre frivillige her i bygda, gjer ein innsats som gjer Skjåk til ein betre plass å vera.
I desse dagar er det mange lag og organisasjonar som har styreverv og andre verv som skal bytast ut. Idrettslaget er ikkje noko unntak. Det er ein stor jobb som blir gjort av både dei ulike gruppestyrene og av valgkomitèen for å få frivilligkabalen til å gå opp.
Skulle du kjenne at du har lyst til å vera frivillig i idrettslaget, så ta ein telefon eller send ein mail (du finn kontaktinformasjon nederst på innlegget). Vi har mange ulike roller som skal fyllast, så vi finn nok noko som passar 🙂
Om du er ein av dei mange som i desse dagar får ein telefon med spørsmål om å vera med, så ta det som eit kompliment: nokon har tenkt på deg og kjent på at du har verdiar og egenskaper som er ynskja inn i det frivillige fellesskapet.
Skjåk IL er svært takknemlege for alle som velger å bruke av fritida si for at vi skal kunne ha eit idrettslag med ei mengde aktivitetar og arrangement. Dette betyr så mykje for heile bygda!
Tusen takk til alle med frivillige verv! Tusen takk til alle som hjelp oss å fylle opp alle roller som trengs for at idrettslagshjulet skal rulle vidare.
Dykk gjer alle ein forskjell <3
Kontaktinfo til idrettslaget:
dl@skjakil.no
tlf 90854243