Informasjon Fjellgeitturar
Postane
Postane er merka med oransje / kvite postflagg. Ved kvar post er det ei
stifteklemme, den blir brukt til å ”klyppe” i klyppefeltet i heftet. Vi oppmodar alle
om å bruke kartet og planlegge turen før dei startar. Alle turane er dekt av
«Turkart Skjåk». Også i 2026 har vi 10 turar, der to av desse er lengre og meir
krevjande, og blir anbefalt for større ungar, ungdom og vaksne.
Periode
Postane står oppe frå starten av mai til ca. 1.oktober (vêravhengig). Etter kvart
som postane kjem opp eller blir tekne ned, blir dette varsla på heimesida vår under
https://skjakil.no/fjellgeita/ og vår facebookside.
Premiering
Alle som fullfører minst 6 turar, er med i trekning om premiar (gjeld også vaksne).
Førskulebarn må ha minst 4 turar.
Premiar
- premie: Gavekort for 1500,- kr
- premie: Gavekort for 1000,- kr
- premie: Gavekort for 750,- kr
Uttrekkspremiar frå fleire bedrifter.
Merker
1. år – bronse
3. år – sylv
5. år – gull
7. år – Fjellgeit-turkopp
10. år – Fjellgeitkniv
15.år – vindsekk
Vaksne kan kjøpe Fjellgeitmerke
T-skjorter
Alle barn/ungdom får t-skjorte.
Vaksne kan kjøpe T-skjorter ved å bestille på skjema. (Kr 120,- pr. stk).
Frist
Frist for innsending av utfylt skjema er 13. oktober 2025.
Folder
Folder kan hentast og leverast inn hjå Din Frisør på kjøpesenteret og Skjåk folkebibliotek.
Bilete
Send gjerne bilete vi kan vise på Fjellgeitkvelden. Nokre av desse bileta kan bli lagt ut på vår nettside dersom dykk ikkje reserverar dykk mot dette. Send bileta på e-post: ingrid.lindsheim@gmail.com
Anna
Alle deltakarar er hjarteleg velkomne på fjellgeitakvelden, ei triveleg samling der det serverast pizza, er loddsal og utdeling av t-skjortar, merke og premiar. Oppdatering kring tidspunkt og meir informasjon på facebook/heimeside.
Skjåk Turlag har òg mange fine turar, sjå eigen foldar.
For informasjon om fiskekort og hytteleige i Skjåk Almenning:
www.skjak-almenning.no