Fjellgeitkveld 2025
Tysdag 18.november var det Fjellgeitkveld på Turistheimen ![]()
Rundt 80 små og store var samla i triveleg lag, og det vart delt ut t-skjorter, merker, turkoppar og knivar. Det er svært gledeleg at det var innlevert foldere med heile 843 turar! Det er ekstra gledeleg at 19 ungar leverte folder for fyrste gong, dette lovar godt for turgåinga og gleda over naturen for dei kommande årene ![]()
Det vart i tillegg servert gratis pizza frå Turistheimen, og det var loddsalg med premiar frå våre rause lokale bedrifter. Tusen takk til alle som støttar oss!
Turane for 2026 er allereie bestemt, det vil bli:
– Gapahuken ved Grotlivatnet
– Gapahuken ved diskgolfbana
– Ljosløypa på Dønfoss
– Kummemyren
– Rundhaug, Skjellom
– Styggeverskvila
– Lykretjønne
– Glitterbu
– Rundhaug, Bråtååsen
– Heggebottsætra
Velkommen til nytt tur-år neste år, og hugs at alle som leverer foldere er med på trekning av flotte premiar! ![]()
Bilde: S. Toven
Tusen takk til:
Bunnpris Bismo
Coop Prix (Bruvoll)
Dønfoss Camping
Extra (Skeimo)
Felleskjøpet Skjåk (Skjåk)
Fjell og Fritid
Hugsotte Gardsmjølk
Interfil
Nidaros Profil AS
Ottadalen Mølle SA
Power Skjåk
Skeid Kro
Skjåk Almenning
Skjåk kommune
Smak i Lom
SpareBank 1 Lom og Skjåk
Sport 1 Lom