Barneidrett – info

Barneidrett – Skjåk IL

Hei alle undergrupper i Skjåk IL.

Her kjem det litt informasjon om kva barneidrett er og kva for reglar som gjeld for barn som er med på idrettsaktivitetar. Dette er henta ut frå idrettsforbundet sine heimesider.

  • Barneidrett er idrettsaktivitetar for barn til og med det året dei fyller 12 år.
  • For konkurransar i barneidretten gjeld følgande:
    • Barn kan delta i lokale konkurransar og idrettsarrangement frå det året dei fyller 6 år og fyrst og fremst i eiga klubb.
    • Barn kan delta i regionale konkurransar og idrettsarrangement frå det året dei fyller 9 år.
    • Barn kan delta i opne konkurransar og idrettsarrangement i Noreg, Norden og Barentsregionen frå det året dei fyller 11 år.
    • Det kan nyttast resultatlister, tabellar og rangeringar i konkurransar for barn frå det året dei fyller 11 år, dersom dette er formålstenleg.
    • Barn til og med det året dei fyller 12 år kan ikkje delta i meisterskap som NM, EM, VM og tilsvarande.
    • Alle barn skal få premie i eit idrettsarrangement dersom premiering skjer.

Idrettens barnerettigheiter setter barnas behov i sentrum og legg vekt på dei verdiane som skal liggje til grunn for barneidretten i Noreg. Dette rettigheitene gjeld for alle barn, utan forskjellsbehandling og utan omsyn til barnets og foreldres kjønn, etniske bakgrunn, livssyn, seksuelle orientering, vekt, fysisk utvikling og funksjonsnedsetting.

  • Tryggleik: barn har rett til å delta i eit trygt treningsmiljø, fritt for press og utnytting. Barn under 6 år skal ha med seg ein vaksen på aktivitetane.
    • Vennskap og trivsel: barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for at dei skal utvikle vennskap og solidaritet.
    • Meistring: barn har rett til å oppleve meistring og å lære mange ulike ferdigheiter. Dei skal også ha moglegheit for variasjon, øving og samspel med dei andre.
    • Påverknad: barn har rett til å seie si meining og bli høyrd. Dei skal ha moglegheit til å vera med på planlegging og gjennomføring av eigen idrettsaktivitet saman med trenarane og dei føresette.
    • Fritt til å velje: barn har rett til å velje kva for aktivitet eller kor mange aktivitetar dei ynskjer å vera med på. Dei bestemmer også sjølv kor mykje dei ynskjer å trene.
    • Konkurransar for alle: barn har rett til å velje om dei vil delta i konkurransar eller ikkje.
    • På barns premisser: barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar som er tilpassa deira alder, fysiske utvikling og modningsnivå. Idrettslaga og gruppene skal samarbeide for å gjeva barna eit koordinert og allsidig idrettstilbod i deira eiga nærmiljø.
    • Alle skal få vera med på leiken: alle barn har rett til å delta i idrett uavhengig av familiens økonomi eller engasjement. Barn har rett til å vera i eit inkluderande idrettsmiljø utan utstyrs- eller kostnadspress.

Alle som driver barneidrett SKAL følgje måla i «idretten skal» for å sikre størst mogleg variasjon og moglegheiter for stor rørsleerfaring.

  • Opp til 6 – årsalder: leik og  varierte aktivitetar skal stimulere barnas utvikling og styrke dei grunnleggjande bevegelsane.
    • 7-9 år: gode moglegheiter til å utforske og øve på ulike fysiske aktivitetar eller idrettsøvingar med ulike rørslemønster, slik at dei får bred rørsleerfaring. Dette gjev eit godt grunnlag for seinare rørslelæring. Slike aktivitetar kan drives innanfor ein eller fleire idrettar, men kvar idrett har ansvar for å gjere tilbodet variert og tilpassa barnas utviklingsnivå.
    • 10-12 år: idretten skal vera prega av varierte aktivitetar og høgt aktivitetsnivå som sikrar gode basisferdigheiter. Fordjuping i ein eller nokre få idrettar kan sikre eit godt teknikkgrunnlag for seinare utvikling innanfor idrettsgreinene.

Eg ynskjer at alle ser på desse to filmane som ligg inne på idrettsforbundet sine sider. Her kan man få ein vekkjar på kva ein treng å fokusere på innanfor barneidretten.

Link: Filmer

  • Barnas rettigheitar på 1 minutt
  • Barneidrettsbestemmelser

Tusen takk for super innsats blant alle friviljuge innanfor dei ulike idrettane vi har i Skjåk IL. Stå på og fortsett med den gode jobben dykk gjer 😊

Stine Leirmo