Svømmegruppa

Svømmegruppa i Skjåk IL arrangerar kurs etter retningslinjer frå Norges Svømmeskole
– ein del av Norges Svømmeforbund.

Vårt mål er å fremme tryggleik og meistring for alle våre deltakararar. Tilbodet strekkjer seg frå vasstilvenning til vidaregåande svømming for treningsglade ungdom.

Svømmegruppa i Skjåk il er knytt til Norges Svømmeforbund og gjennomfører sine kurs ut frå retningslinjene til Norges Svømmeskole. Vi har dei siste åra utvida tilbodet av svømmekurs, og kan i dag tilby ei komplett kursrekkje Trygg i vann. Det er omlag 140 deltakarar på dei to kursperiodane våre.

Våre kurs startar i slutten av januar og fyrst i september og går over 10 kurskveldar. Påmelding til kurs gjer ein via www.tryggivann.no. Der finn ein også detaljer om kvart enkelt kurs.

Svømmegruppa har meir enn ti instruktørar som er sertifiserte gjennom Norges Svømmeforbund, for å gje god kvalitet og trygg opplæring. Opplæringstilbodet vi gjev følgjer trinnvis utvikling av ferdigheiter. Målet er at deltakarane får eit tilbod tilpassa deira dugleikar. Svømmegruppa bidreg også med sertifiserte instruktørar knytt til barnehagesvømminga i kommunen.

Vi har får 20% på svømmutstyr hos Klubben.no, rabatten kan nyttast av kursdeltakarar og Svømmegruppa. Koda er SKJÅK27.

Svømmekurs hausten 2025:

Kval
Her fokuserer vi på kjernefunksjonen ‘Dykke’. Dette inneberer å dykke kroppen under vann, samt kontrollere pusten.
Onsdag kl. 17.30 – 18.00 frå 10.sept til og med 5.nov (pause i veke 41).
Pris 700,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

Skilpadde
På skilpadde fokuserer vi på kjernefunksjonen «flyte». Deltakarane må vere trygge på å dykke hovudet under vatn og hente opp ulike leiker.
Onsdag kl. 18.10 – 18.40 frå 10.sept til og med 5.nov (pause i veke 41).
Pris 700,-kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

Pingvin  
På pingvin fokuserer vi på kjernefunksjonen «gli» og crawl beinspark. Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, og dei må kunne flyte på mage/rygg.
Tysdag kl. 18.50 – 19.20 frå 10.sept til og med 5.nov (pause i veke 41).
Pris 700,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

Selunge  
På selunge fokuserer vi på kjernefunksjonen «framdrift». Deltakarane skal lære å svømme 10 meter crawl med pust, 10 meter rygg og lære grunnteknikk i stup.
Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, dei må kunne flyte og gli på mage/rygg.
Torsdag kl 17.30 – 18.00 frå 11.sept til og med 6.nov (pause i veke 41).
Pris 700,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

Sel
På sel fokuserer vi på riktige/effektive beinspark, rotasjonsteknikk i rygg/crawl, vidareutvikle pusteteknikk i crawl og stupeteknikk. Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, dei må kunne flyte og gli på mage/rygg.
Torsdag kl 18.10 – 18.50 frå 11.sept til og med 6.nov (pause i veke 41).
Pris 700,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

Sjøløve
På sjøløve er målsettinga å lære/vidareutvikle grunnleggjande svømmeteknikk innan svømmeartane bryst, rygg, butterfly og crawl, samt vendingar og stup. I tillegg til teknikktrening vil vi ha fokus på å svømme mykje. Deltakarane må tørre å svømme på djupet.
Torsdag kl 19.00 – 19.45 frå 11.sept til og med 6.nov (pause i veke 41).
Pris 700,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

Delfin
På delfin fokuserer vi på teknikk i bryst og butterfly. Deltakarane skal få meir kjennskap med svømmeteknikkane i bryst og butterfly slik at dei meistrer desse grovkoordinert.
Torsdag kl 19.00 – 19.45 frå 11.sept til og med 6.nov (pause i veke 41).
Pris 700,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

Hai
På hai fokuserer vi på medleysvømming. Dette oppsummerer dei ferdigheitene og teknikkane man har lært på dei andre kursa. På dette nivået skal deltakarane også vidareutvikle undervannssvømming, starting og vendingar.
Torsdag kl 19.00 – 19.45 frå 11.sept til og med 6.nov (pause i veke 41).
Pris 700,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 700,- for første barn, øvrige barn kr 550,-).

  • Vi testar deltakarane fyrste kvelden, ved eventuelt byte av kurs vil de få beskjed om det.
  • Vi ynskjer at foreldre ventar på gangen, ta kontakt ved spesielle behov.
    Det er også viktig at deltakarane ikkje går inn i symjehallen når det er eit anna kurs som held på. Vent i gangen til instruktøren kjem og hentar dykk inn.
  • På dei ulike kursa fins det fleire delmål. Det er desse delmåla instruktørane går ut frå når dei skal vurdere om deltakaren er klar for å gå vidare. Hugs på at nokre gonger må man gå kurset på nytt fordi ikkje alle delmåla er oppnådd. Det er stort sprik mellom fleire av kursa.
  • Alle som deltek på kurs må vere medlem i Skjåk IL. Ungar som er medlem i andre idrettslag betalar halv pris i Skjåk IL. 
  • Tips: Det er viktig å ha gode svømmebriller, bruke badebukse, badedrakt (ikkje bermudashorts). Vi vil at alle våre kursdeltakarar skal bruke badehetter. Alle nye deltakarar får badehette frå symjegruppa når dei deltek på kurs.
  • Følg oss på Facebook – Symjegruppa Skjåk Idrettslag.
  • Svømmeskoleansvarlig Tora Slettom på tlf.
    47 64 86 43

Følg oss på Facebook – Symjegruppa Skjåk Idrettslag