Post 5. Holshammaren
Posten til Holshammaren er lagt ut 9.juni.
Parkèr ved Holemork barnehage. I folderen står det at du skal gå etter grusvegen opp til hamninga i Flekken, men det heiter Systun Holemork. Følg skogsvegen oppover, den er merka med små vardar av stein som viser kor du skal gå. Siste stykkje går på ein sti opp gjennom skogen til Holshammaren.
Merk dykk at det går storfe på beite i dette omrpådet om sommaren.
I byrjinga av turen går du gjennom eit beite med sau, hugs å lat att båe grindene du går gjennom! Ikkje slepp ut sau og ikkje slepp inn sau som går utanfor.


