Idrettsveke veke 33

Onsdag 14. – fredag 16.august i veke 33 blir det ny Idrettsveke! (Måndag og tysdag i samme veka er det eige arrangement: Tine Fotballskule)

Onsdag 14. aug: klatring i Forberget klatrefelt med DNT Gudbrandsdalen + skating med Bismo Killers.

Torsdag 15.aug: friidrett + lær å kaste med vanleg fiskestang og knyte fiskeknutar med Norges Jeger og Fiskeforbund Oppland.

Fredag 16.aug: Voltige med turngruppa og Skjåk Hestlag.

Har ditt barn lyst til å prøve ut alle desse aktivitetane? Om han eller ho er heilt nybegynnar på alt eller har prøvd før har ingen betydning, det blir lagt opp til at det skal passe for alle sålenge lysta er til stades ?

Aldersgruppe 6 – 12 år.

Vi har fortsatt pengar frå Gjensidigestiftelsen, så påmeldinga blir gratis denne gongen også.
Det vil bli servert frukt og lunsj kvar dag.

Påmeldinga opnar måndag 8.juli, det vil bli lagt ut lenke både på vår instagram, facebookside og på vår heimeside skjakil.no