Bruk hjelm!

—–
Oppdatering. Pr 24/5 har det vorte kjøpt 30 nye hjelmar der del av kjøpesummen blir refundert, dvs at vi ikkje har att meir pengar til refusjon. Takk til alle som har nytta seg av tilbodet, vi prøver å få til det samme neste år. Pengane var støtte frå Innlandet Fylkeskommune – Samferdsel. Tusen takk til dei! 🙂
—–

Brukar du hjelm når du syklar?

Det å bruke hjelm er ei billig investering for å ta vare på hodet om uhellet skulle vera ute, å bruke hjelm er smart!

Uansett om du berre syklar korte strekningar til butikk eller jobb, om du likar å sykle langt som trening eller om du trivst best når du syklar i skogen: det anbefalast sterkt å bruke hjelm heile tida! Tal frå Trygg trafikk viser at bruk av sykkelhjelm kan redusere risiko for hodeskade med 60-80%. Det er tal som burde gjera valget enkelt 🙂

Trygg trafikk seier også at hjelm har ei anbefalt levetid på 5-7 år, og at den derfor bør bytast ut da sjølv om den kanskje ser like fin ut. Ein hjelm som har vore med på ein krasj, eller som du har mista i golvet blir det også anbefalt å bytte den ut. Det er ikkje alltid at skader er synlege.

Ein hjelm sit bra på hodet når:
– det er max to fingerbredder mellom augebryn og hjelm
– den er festa godt under haka, plass til max ein eller to fingre mellom reim og hake
– om du rister på hodet, skal ikkje hjelmen flytte på seg

Skjåk IL vil i løpet av eit par månader ferdigstille ein pumptrack på Dønfoss. I den forbindelse har vi nå oppretta ei eige sykkelgruppe, og vi vil ha ein fast fokus på bruk av sykkelhjelm. I den forbindelse har vi fått støtte frå Innlandet fylkeskommune, og delar av denne støtta skal brukast til at du kan få refundert opp til kr 500,- ved kjøp av ny sykkelhjelm. Dette er vi enormt glade for!

Kriterier for å få refusjon:
– kjøp ein ny hjelm, du får ikkje refusjon på å kjøpe ein brukt hjelm. Ta vare på kvitteringa.
– kom innom kontoret i Industrivegen 10 eller send ein mail til dl@skjakil.no med kontonummer og bilde av hjelm og kvittering. Send gjerne også bilde av hjelm og eigar på sykkel, sjå nedanfor
– kjem du innom på kontoret får du også refleks (forventast å komme i slutten av april)
– du får refundert opp til kr 500,-
– vi ynskjer å få nytte bilde av deg med ny hjelm på sosiale medias i forbindelse med prosjektet. Dette er ein fin måte å vise at vi står saman om at det å bruke hjelm er smart. Send derfor gjerne bilde av hjelm og eigar på sykkel som vi kan nytte til dette.
– den som skal bruke hjelmen må vera medlem i Skjåk IL for å få refusjon
– refusjon blir gjeve til både unge og gamle, hjelm er viktig for alle!
– refusjonane blir gjort så fort vi har fått pengane på konto frå Innlandet Fylkeskommune, (dei kjem i midten av mai) 🙂

Vi har fått 15.000,- til dette, dvs at vi kan støtte 30 nye hjelmar dersom alle får full refusjon. (Alle som kjøper hjelm for 500,- eller meir får refundert kr 500,-). Det er med andre ord dei 30 fyrste som får refusjon.
Det vil bli ei oppdatering når vi ikkje har att meir pengar.

Det er anbefalt å ha hjelm med mips.
For å lese meir om bruk av hjelm og testing av hjelm: https://www.tryggtrafikk.no/tips/sykkel/sykkelhjelm/slik-velger-du-riktig-sykkelhjelm/

Tusen takk til Innlandet fylke Samferdsel – Forvaltning og myndighet for økonomisk støtte til prosjektet!