Vi treng frivillige

🤸 Du! Du ja! 🤸

Visste du at det er behov for over 300 frivilligvakter for å gjennomføre eit turnstemne?
Og nei, vi treng ikkje 300 ulike menneske – det er 300 vakter som skal fyllast! Det er mange ulike oppgåver som skal løysast, frå matservering og kiosk til aktivitetsvakter og nattevakter, så det finst noko for alle. 🙌
11.–13. juni 2027 kjem rundt 500 turnarar frå heile gamle Oppland til Skjåk, og då vil vi vise fram bygda frå si aller beste side! Har du tid til ei vakt eller to? Kvar einaste vakt tel! 💪

👉 Meld deg som frivillig innan 1. desember:
Send oss ei e-post på skjakturnstevne@gmail.com

Eller sei frå til oss i turngruppa eller Skjåk Idrettslag

Saman gjer vi dette til ei helg heile Skjåk kan vere stolt av! 🎉