Bli med på festhelg!
Set av helga 11.–13. juni 2027! 
Då kjem Turnstemne til Skjåk, og vi får besøk av rundt 500 turnarar frå heile Oppland, saman med foreldre og føresette. For ei moglegheit til å vise fram alt bygda vår har å by på og dei flinke turnarane våre! ![]()
For å få til ei skikkeleg fin helg treng vi DEG! Vi ser etter frivillige til alt frå matservering og kiosk til aktivitetsvakter og nattevakter. Har du litt tid å setje av, eller ei god idé til ein aktivitet for barn og ungdom? Send ein mail til oss på skjakturnstevne@gmail.com innan 1.desember!
Les meir i vedlagt informasjonsskriv.
Saman får vi til ei helg Skjåk kan vere stolt av! ![]()
___________________________________________________________________________________________
Sett av helga!
Skjåk Gym & Turn har fått æra av å arrangere turnstemne i Skjåk helga 11.–13. juni 2027. Vi ventar rundt 500 turnarar i alderen 6–18 år frå Oppland, saman med trenarar, ledsagarar og føresette. Dette blir ei fantastisk moglegheit til å vise fram Skjåk og alt bygda har å by på – for turnarar, familiar og heile krinsen!
Kva er eit turnstemne?
Eit turnstemne samlar turnarar frå heile krinsen til ei helg med felles aktivitetar, oppvisningar og sosialt fellesskap. Stemnet arrangerast hjå ulike klubbar i krinsen, og no er det Skjåk som fekk søknaden innvilga.
Føreløpig program
Fredag 11. juni
- Innkvartering
Laurdag 12. juni
- Aktivitetar
- Turnar-tog
- Aktivitetar
- Middag
- Underholdning
Søndag 13. juni
- Stemne
Programmet er føreløpig, og vil bli meir detaljert etter kvart som planlegginga går vidare.
Kvar?
Stemnet vil i hovudsak vere i og rundt Skjåkhallen og friidrettsbana, men det blir aktivitetar på fleire stader i Skjåk gjennom heile helga.
Vi treng deg – bli frivillig!
Eit arrangement av denne storleiken blir ikkje til utan ein stor frivillig innsats frå lokalsamfunnet. Vi håpar mange vil vere med og gjere stemnet til ei fantastisk oppleving – for turnarane og for Skjåk!
Vi har blant anna behov for frivillige innan:
- Matservering
- Kioskvakter
- Nattevakter
- Aktivitetsvakter
- Stevnekontor
- Innkvartering og forpleiing av deltakarar
- Banemannskap må sjaue apparata under stevnet
- Sal av inngangsbillettar
- Opprydding og ansvar for gjengløymde effektar
Er du interessert i å bidra? Meld deg til Elin Stasviken Sperstad, skjakturnstevne@gmail.cominnan 1.desember
Har du forslag til aktivitetar?
Vi ønskjer å fylle laurdagen med aktivitetar som passar for barn og ungdom i alderen 6–18 år. Har du ei idé, og forslag til korleis det kan gjennomførast, som kan passe godt inn i programmet? Her har vi ein arena for å vise fram breidda Skjåk har å by på! Send den til skjakturnstevne@gmail.com
Godt for lokalt næringsliv å merke seg
Med rundt 500 turnarar kjem det òg mange føresette og ledsagarar til Skjåk denne helga. Mange av dei vil ønskje alternative overnattingsmoglegheiter, i tillegg til innkvarteringa som er i regi av stemnet. Mange vil og nytte høvet til å ete ute eller handle lokalt medan dei er her. Butikkar, serveringsstader og andre lokale aktørar bør derfor merke seg datoen – dette kan bli ei fin helg å vere førebudd på!
Meir informasjon kjem
Dette er den første informasjonen om stemnet. Meir detaljert program, informasjon om stemnet, påmelding og innkvartering vil koma etter kvart.
Kontakt
Spørsmål eller ønskjer å bidra? Ta kontakt med Elin Sperstad, skjakturnstevne@gmail.com