Bli frivillig på turnstemne

Set av helga 11.–13. juni 2027! 🤸

Då kjem Turnstemne til Skjåk, og vi får besøk av rundt 500 turnarar frå heile Oppland, saman med foreldre og føresette. For ei moglegheit til å vise fram alt bygda vår har å by på og dei flinke turnarane våre! 🌟

For å få til ei skikkeleg fin helg treng vi DEG! Vi ser etter frivillige til alt frå matservering og kiosk til aktivitetsvakter og nattevakter. Har du litt tid å setje av, eller ei god idé til ein aktivitet for barn og ungdom? Send ein mail til oss på skjakturnstevne@gmail.com innan 1.desember!

Les meir i informasjonsskrivet.

Saman får vi til ei helg Skjåk kan vere stolt av! 💪