Skjåk Pumptrack

Velkomen til Skjåk Pumptrack

Skjåk IL ynskjer at Skjåk Pumptrack skal vera ein trygg og hyggeleg møteplass for barn, ungdom og vaksne som vil bruke sykkel, skateboard, sparkesykkel eller rulleskøyter.

Vi oppmodar alle brukarar – og særleg føresette med yngre barn – til å gjere seg kjende med banereglane og annan nyttig informasjon om bruk av bana. Dette bidreg til ei trygg og god oppleving for alle som besøker pumptracken.

Reglar for trygg og god bruk av bana

  • Hjelm er påbode.
  • Følg køyreretninga på bana – mot klokka.
  • Stopp ikkje opp på bana eller i svingane.
  • Alle må ha kontroll på det dei rullar med, og vis omsyn til andre brukarar – både store og små.
  • Det er ikkje tillate med motoriserte køyretøy på bana.
  • Tilpass fart og køyring etter eigne ferdigheiter.
  • All bruk skjer på eige ansvar.
  • *BMX-syklar m/pegs er ikkje tillate på pumptrackbana.

*Pegs aukar risikoen for personskadar ved fall og samanstøytar, og kan skade asfaltdekket på bana. For tryggleiken til alle brukarar og for å verne anlegget skal pegs vere fjerna før sykling på pumptrackbana.

Hugs!

Reglane er laga for tryggleiken til alle som brukar bana.

All bruk skjer på eige ansvar.

Pumptrack-bana er for dei som har lært å sykle eller har kontroll på det dei rullar med. Bana er ikkje meint som leikeplass eller stad for grunnleggjande sykkelopplæring.

Føresette bør følgje med på yngre barn og sjå til at reglane blir følgde.

Vis omsyn til andre brukarar på bana. Nokon er erfarne, medan andre er nye. Snakk fint til kvarandre og vis respekt, så får alle ei god oppleving.

Køyr i rett retning (mot klokka), hald kontroll og slepp fram andre når det trengst. Det handlar både om tryggleik – og om å gje plass til alle som vil bruke bana.

Vanlege spørsmål

Kan eg som føresett bidra med noko?

Ja – positive og engasjerte vaksne er viktige for trivsel og tryggleik på bana.

Du kan gjerne hjelpe til med å halde området ryddig, koste bana eller plukke opp søppel som blir liggjande att. Kost finn du ved bana.

Snakk hyggeleg med både barn, ungdom og andre vaksne. Ei god stemning rundt bana gjer opplevinga betre for alle. Legg gjerne bort mobilen – bortsett frå når du tek bilete eller filmar.

Kan føresette og andre besøkande stå inne på bana?

For tryggleiken til alle ber vi om at publikum held seg utanfor køyreområdet og viser omsyn til dei som brukar bana.

Når mange står inne på området, kan det fort oppstå farlege situasjonar. Barn kan springe ut i bana, syklar kan kome frå sida, eller nokon kan stoppe opp der andre køyrer. Dette aukar risikoen for uhell og kollisjonar.

Om Skjåk Pumtrack

Skjåk IL eig anlegget og har, saman med frivillige eldsjeler, teke initiativ til og arbeidd fram pumptrack-bana.

Anlegget er finansiert med støtte frå:

  • Spelemidlar
  • Olav Thon Stiftelsen
  • Skjåk kommune
  • Dønfoss Camping
  • Skjåk Energi
  • SpareBank 1 Lom og Skjåk
  • Team Verksted Skjåk
  • Skjåk Almenning

Grunnarbeid, asfaltering og pynting rundt bana er utført av:

  • Fallingen A/S
  • Aaboen A/S

Bana er bygd av Trailhead Nesbyen.

Skjåk IL rettar ein stor takk til alle friviljuge som har bidrege. Dugnadsinnsatsen dykkar har vore heilt avgjerande for å få dette til.