Bruk hjelm!

Brukar du hjelm når du syklar?

Det å bruke hjelm er ei billig investering for å ta vare på hodet om uhellet skulle vera ute, å bruke hjelm er smart!

Uansett om du berre syklar korte strekningar til butikk eller jobb, om du likar å sykle langt som trening eller om du trivst best når du syklar i skogen: det anbefalast sterkt å bruke hjelm heile tida! Tal frå Trygg trafikk viser at bruk av sykkelhjelm kan redusere risiko for hodeskade med 60-80%. Det er tal som burde gjera valget enkelt 🙂

Trygg trafikk seier også at hjelm har ei anbefalt levetid på 5-7 år, og at den derfor bør bytast ut da sjølv om den kanskje ser like fin ut. Ein hjelm som har vore med på ein krasj, eller som du har mista i golvet blir det også anbefalt å bytte den ut. Det er ikkje alltid at skader er synlege.

Skjåk IL vil i løpet av eit par månader ferdigstille ein pumptrack på Dønfoss. I den forbindelse har vi nå oppretta ei eige sykkelgruppe, og vi vil ha ein fast fokus på bruk av sykkelhjelm. I den forbindelse har vi fått støtte frå Innlandet fylkeskommune, og delar av denne støtta skal brukast til at du kan få refundert opp til kr 500,- ved kjøp av ny sykkelhjelm. Dette er vi enormt glade for!

Kriterier for å få refusjon:
– kjøp ein ny hjelm, du får ikkje refusjon på å kjøpe ein brukt hjelm. Ta vare på kvitteringa.
– kom innom kontoret i Industrivegen 10 eller send ein mail til dl@skjakil.no med kontonummer og bilde av hjelm og kvittering
– kjem du innom på kontoret får du også refleks (forventast å komme i slutten av april)
– du får refundert opp til kr 500,-
– vi ynskjer å få nytte bilde av deg med ny hjelm på sosiale medias i forbindelse med prosjektet. Dette er ein fin måte å vise at vi står saman om at det å bruke hjelm er smart. Si i frå om du ikkje vil dette.
– den som skal bruke hjelmen må vera medlem i Skjåk IL for å få refusjon
– refusjon blir gjeve til både unge og gamle, hjelm er viktig for alle!
– refusjonane blir gjort så fort vi har fått pengane på konto frå Innlandet Fylkeskommune, vi reknar med at det skjer innan rimeleg tid 🙂

Vi har fått 15.000,- til dette, dvs at vi kan støtte 30 nye hjelmar dersom alle får full refusjon. (Alle som kjøper hjelm for 500,- eller meir får refundert kr 500,-). Det er med andre ord dei 30 fyrste som får refusjon.
Det vil bli ei oppdatering når vi ikkje har att meir pengar.

Det er anbefalt å ha hjelm med mips.
For å lese meir om bruk av hjelm og testing av hjelm: https://www.tryggtrafikk.no/tips/sykkel/sykkelhjelm/slik-velger-du-riktig-sykkelhjelm/

Tusen takk til Innlandet fylke Samferdsel – Forvaltning og myndighet for økonomisk støtte til prosjektet!