Crossfitinspirert trening for ungdom
Etter haustferien og fram til jul tilbyr Skjåk idrettslag gratis treningsopplegg for ungdom frå 8. til 10. klasse på treningssentret.
Opplegget vil vera crossfitinspirert, og timane blir tysdagar frå 14.00-15.30. Ole Granum vil vera instruktør.
Vi startar opp med ein prøvetime den 25. oktober frå 14.00-15.30 der alle som vil kan kome å prøve.
I etterkant av prøvetimen vil det kome påmelding for å vera med. Treningsopplegget vil vare i 5 veker.
Alle som skal vera med må vera medlem i idrettslaget.