Påmeldinga til årets symjekurs har opna

Symjegruppa i Skjåk IL arrangerar ni forskjellige symjekurs etter retningslinjer frå Norges Svømmeskole.
Påmelding på www.tryggivann.no

Symjekurs hausten 2022:

Vass-leik
Her fokuserer på tryggleik og samvær. Økta passar for barn mellom 1år og 3 år. Barna stillar med minst ein vaksen. Det vil bli både song, leik og mykje eigentid.  
Tysdag kl. 17.00 – 17.30, frå 27. september t.o.m. 8. november (6 kveldar – pause i haustferien).
Pris 450,-kr pr. deltakarer.

Kval
Her fokuserer vi på kjernefunksjonen ‘Dykke’. Dette inneberer å dykke kroppen under vann, samt kontrollere pusten. Kurset er for ungar i førskulealder og oppover.
Onsdag kl. 17.00 – 17.30, frå 21. september t.o.m. 30. november (10 kveldar, pause i haustferien).
Pris 600,-kr pr. deltakarer (søskenmoderasjon kr 600,- for første barn, øvrige barn kr 450,-).

Skilpadde
Her fokuserer vi på kjernefunksjonen «flyte». Deltakarane må vere trygge på å dykke hovudet under vatn og hente opp ulike leiker.
Onsdag kl. 17.40 – 18.10 frå 21. september t.o.m. 30. november (10 kveldar, pause i haustferien).
Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).

Pingvin (Det kan vere at gruppa blir delt inn i pingvin 1 og 2, og fordelt over onsdag og torsdag).
På pingvin fokuserer vi på kjernefunksjonen «gli» og crawl beinspark. Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, og dei må kunne flyte på mage/rygg.
Onsdag kl. 18.20 – 18.50 frå 21. september t.o.m. 30. november (10 kveldar, pause i haustferien).
Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).

Selunge (gruppa vil kanskje bli delt i selunge 1 og selunge 2)
På selunge fokuserer vi på kjernefunksjonen «framdrift». Deltakarane skal lære å symje 10 meter crawl med pust, 10 meter rygg og lære grunnteknikk i stup.
Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, dei må kunne flyte og gli på mage/rygg.
Torsdag kl. 17.00 – 17.35 (selunge 1) frå 22. september t.o.m. 1. desember (10 kveldar, pause i haustferien).
Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).

Sel
På Sel fokuserer vi på riktige/effektive beinspark, rotasjonsteknikk i rygg/crawl, vidareutvikling av pusteteknikk i crawl og stupeteknikk. Deltakarane må ha kontroll på pusten under vatn, og dei må kunne symje minst 25 meter på mage/rygg. Deltakarane må tørre å symje på djupet.
Torsdag kl. 17.45 – 18.20 frå 22. september t.o.m. 1. desember (10 kveldar, pause i haustferien).Pris: 600,- kr pr. deltakar (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).

Sjøløve
Målsetting er å lære/vidareutvikle grunnleggjande symjeteknikk innan symjeartane bryst, rygg, butterfly og crawl, samt vendingar og stup. I tillegg til teknikktrening vil vi ha fokus på å symje mykje. Deltakarane må tørre å symje på djupet.
Torsdag kl. 18.30 – 19.15 frå 22. september t.o.m. 1. desember (10 kveldar, pause i haustferien).
Pris: 600,- kr pr. deltakar . (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-)

Delfin
På Delfin-nivået fokuserer ein på teknikk i bryst og butterfly. Deltakarane skal få meir kjennskap med symjeteknikkane i bryst og butterfly, slik at dei meistrar desse grovkoordinert.
Torsdag kl. 19.25 – 20.10 frå 22. september t.o.m. 1. desember (10 kveldar, pause i haustferien).Pris: 600,- kr pr. deltakar . (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).

Hai/trening
På Hai-nivået fokuserer ein på medleysymjing. Dette summerer opp dei ferdighetane og teknikkar man har lært på dei andre kursa. Medleysymjing set saman dei fire symjeartane. På dette nivået skal deltakarane også vidareutvikle undervassymjing, starting og vendingar.
Torsdag kl. 19.25 – 20.10 frå 22. september t.o.m. 1. desember (10 kveldar, pause i haustferien).
Pris: 600,- kr pr. deltakar . (søskenmoderasjon kr 600 for første barn, øvrige barn kr 450,-).