Vellykka Tine Fotballskule

127 fotballglade ungar deltok på Tine Fotballskule på Bismo stadion 8. og 9. august. Takk til alle hjelpetrenarar og friviljuge som deltok, og takk til alle sponsorar.

I år var det rekordpåmelding på Tine Fotballskule! Heile 127 ungar mellom 12 og 6 år var påmeldt. Alt gjekk strålande for seg med flott vær og flinke trenarar frå Akerakademiet i Molde. I tillegg var det 16 hjelpetrenarar og fleire friviljuge med.

Takk til sponsorar:

  • Bakeriet i Lom sponsa brød og bakervarer
  • Coop Skeimo sponsa is
  • Coop Ottadalen sponsa frukt
  • Tine Lom og Skjåk sponsa rauost
  • Lom og Skjåk sparebank