Teiknekonkurranse 2022

I alt for mange år har logoen til Fjellgeita vore ei antilope! Antiloper er flotte, men no er det på tide å få på plass ei ekte fjellgeit. Vi inviterar difor alle, store og små, til å delta i sumaren sitt vakraste eventyr (med unntak av Fjellgeitturane), nemleg Fjellgeita si teiknekonkurranse.

Korleis: Vi ynskjer teikning ar med mørk blyant/tusj/penn på kvitt papir – dette for at det skal vere trykkvenleg. Hugs å skrive namn, alder, adresse og telefonnummer på baksida av teikninga. 

Kvifor: Vinnaren får teikninga si trykt på årets t-skjorte, og ville kunne beundre sin eigen kreative kunst på alle Fjellgeitane i år. Vidare kan ein vinne heder og ære, og såklart ein premie som utdelast på årets Fjellgeitkveld. 

Kvar og når: Teikningane kan leverast i eiga postkasse på biblioteket. Frist for innlevering er 15.08.22. Teikn i veg! Lukke til! Med beste helsing frå Fjellgeitstyret.