Teiknekonkurranse 2022😀

I alt for mange år har logoen til Fjellgeita vore ei antilope! Antiloper er flotte, men no er det på tide å få på plass ei ekte fjellgeit. Vi inviterar difor alle, store og små, til å delta i sumaren sitt vakraste eventyr (med unntak av Fjellgeitturane), nemleg Fjellgeita si teiknekonkurranse. Korleis: Vi ynskjer teikning ar med mørk blyant/tusj/penn på kvitt papir – dette for at det skal vere trykkvenleg. Hugs å skrive namn, alder, adresse og telefonnummer på baksida av teikninga. Kvifor: Vinnaren får teikninga si trykt på årets t-skjorte, og ville kunne beundre sin eigen kreative kunst på alle Fjellgeitane i år. Vidare kan ein vinne heder og ære, og såklart ein premie som utdelast på årets Fjellgeitkveld. Kvar og når: Teikningane kan leverast i eiga postkasse på biblioteket. Frist for innlevering er 15.08.22. Teikn i veg! Lukke til! Med beste helsing frå Fjellgeitstyret☺️

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.