Posten på Stavåsen er no sett ut☺️

Av omsyn til gardstunet vidare innover vegen, ber vi om at alle Fjellgeiter parkerer ved snuplassen der asfalten sluttar. Gå innover gardsvegen til du ser Fjellgeitskiltet. Nå kjem du inn på ein traktorveg som du går på heilt opp til kvea. Det er nokre sidevegar der ein kan verte i tvil, men held fram på traktorvegen som ein ser er i bruk, ikkje der det er attgrodd og meire ulent. Når ein krysser kvea, må ein lata att alle grinder ein passerer. Det var ikkje dyr der no, men kvea er i bruk om sumaren. Litt blautt her og der, men med gode sko så går det bra. Stempelet er ein smule travale, men klem på den bakre delen når du tek det gjennom folderen. God tur!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.