Grotlidag sundag 11. april

Skjåk IL spanderer heiskort til barn og unge medlemmar sundag 11.april

Grunna dårleg ver før påske da Skjåk IL hadde invitert barn og ungdommar som er medlemmar av Skjåk idrettslag til Grotli Skiheisar, lova Skjåk IL å spandere heiskort på unge medlemmar ei anna helg. Dei siste dagane har det lava ned med snø, og det har ikkje vore meir snø på Grotli i heile vinter. Forholda for ski er fine både i bakken og i skiløypene rundt.

Idrettslaget vil difor spandere heiskort i Grotli Skiheisar for barn og ungdommar opp til 18 år som er medlemmar av Skjåk IL sundag 11. april. Skjåk IL håpar at mange vel å ta turen til Grotli for å prøve seg i bakken eller i løypane denne dagen.   

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.