I morgon er det Bytedag i kantina på ungdomsskulen. Det er fortsatt mogleg å levere brukt sportsutstyr kl 09-11 i morgon. Deretter blir det sal av utstyr kl 11-15. Vi tek ingen provisjon på det som blir seld og alt blir attendebetalt til deg som har levert utstyr, med mindre du ynskjer å donere utstyret til skigruppa.
Vi har og fått med ein prøvekolleksjon av nye skidressar frå Sport 1. Alle som ynskjer å bestille ny SIL-dress kan prøve og bestille jakker og bukser heile dagen.
Levering av utstyr kl 9-11
Sal av utstyr kl 11-15
Utstyr som ikkje blir seld kan hentast kl 1500-1530
NB! Bruk inngangen på baksida av kantina mot Bismo stadion.
Mange kan ha stor glede av ditt gamle og/eler ubrukte sportsutstyr. Still opp!